Hopp til innhold

Vil du gjere ein forskjell i Volda-- og hjelpe folk å ta smarte val i økonomien?

Arbeidsgiver

Sparebanken Norge

Sted

Røysbakken 5B, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Finansiell Rådgiver
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil derfor ha stor påverknadskraft og avgjerdsmynde hos oss.

Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss -- og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!

Om kontoret og laget

Vi har etablert oss som ein ambisiøs og tydeleg aktør i bankmarknaden i Volda -- og vi er i vekst. No søkjer vi ein finansiell rådgjevar som vil vere med å styrkje satsinga vår vidare, og som får energi av rådgjeving, relasjonsbygging og målretta sal.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø på Sunnmøre, med tett samarbeid mellom person- og bedriftsmarknaden. Vi utfordrar kvarandre, heiar på kvarandre og jobbar strukturert for å nå dei klare ambisjonane våre for vidare vekst i regionen. Her møter du ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle.

Kva går jobben ut på?

Som finansiell rådgjevar hos oss får du eit tydeleg ansvar for å utvikle og byggje di eiga kundeportefølje. Du er ein aktiv sparringspartnar for kundar i ulike livsfasar, og jobbar heilskapleg med rådgjeving innan lån, sparing og forsikring.

Du tek eigarskap til nye kundar, følgjer dei tett opp og identifiserer nye moglegheiter for verdiskaping. I tillegg får du eit særleg ansvar for sal og rådgjeving innan person- og skadeforsikring frå Frende.

Rolla krev at du er synleg og tilgjengeleg -- både fysisk og digitalt. Du jobbar aktivt med prospektering, relasjonsbygging og nysal på tvers av kanalar. Du ventar ikkje på at kundane skal ta kontakt -- du tek initiativ.

Arbeidskvardagen er variert og krev både fagleg tyngd, kommersiell forståing og sterke mellommenneskelege ferdigheiter. Samtidig blir du del av eit ambisiøst fagmiljø der vi utfordrar kvarandre, deler kompetanse og jobbar målretta for vidare vekst.

Kven er du?

Vi ser etter deg som har erfaring frå bank, forsikring, sal eller annan rådgjevande verksemd -- og som ønskjer å utvikle deg vidare i ei rolle med tydeleg ansvar og forventningar. Det viktigaste for oss er at du er motivert for å utvikle deg vidare og skape verdi for kundane gjennom god og heilskapleg rådgjeving.

Du er ein relasjonssterk og truverdig rådgjevar som skaper tillit og tek ansvar for eigne resultat. Du trivst med kundedialog, har kommersiell forståing og får energi av å skape verdi for kundane.

Har du AFR-sertifisering og/eller utdanning innan økonomi, er det ein fordel. Samtidig veit vi at haldningar, drivkraft og måten du møter menneske på, ofte veg vel så tungt.

Vi trur du vil lukkast og trivast hos oss dersom du:

  • er flink til å byggje relasjonar og set deg raskt inn i kunden sine behov
  • trivst med tempo og har eit sterkt engasjement for å skape gode resultat
  • har erfaring frå rådgjeving og sal -- gjerne innan bank og forsikring
  • er lærevillig, tek initiativ og søkjer aktivt ny kunnskap for å bli endå betre i rådgjevarrolla

Kva får du hos oss?

Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast -- både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.

Vi gir deg ein trygg og effektiv start gjennom vårt onboarding-program Sterk Start, og vidare utviklingsmoglegheiter gjennom interne satsingar som talentutvikling og fagspesialisering.

Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle -- og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.

I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank -- vi byggjer eit lag. No byggjer vi det også i Volda. Vil du bli med?

Søknadsfrist: 28.02.2026

Klar for å bli med på laget?

Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg prat.

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3621adea-65f6-4cd0-bb8a-fe8975e90355

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

451014206

Lignende annonser