Operativ førebyggjar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Torvmyrane 11b, 6160 Hovdebygda
Om jobben
- Stillingstittel
- Operativ førebyggar - politibetjent 3/2/1
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Om stillinga
Førebygging er politiet sin hovudstrategi og ligg til grunn for all oppgaveløysing. No har vi ledig fast stilling som operativ førebyggjar i Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt!
Som operativ førebyggjar vil du jobbe særskilt tett på andre førebyggjande funksjonar og etterretningsfunksjonen, samt mykje samhandling med øvrige fagområde i politiet og eksterne aktørar. Den operative førebyggjande patrulja vil i hovudsak utføre oppgåver innanfor Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt, Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Denne delen av Sunnmøre byr på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar.
Oppmøtestad for stillinga er ved Volda og Ørsta politistasjon i Hovdebygda.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg som er samfunnsorientert, har gode kommunikasjonsevner og har lyst å bidra i vidareutviklinga av det førebyggjande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. Oppgåvesettet er breitt og variert som krev at du handterer høgt arbeidspress, forventningar og ansvar, og at ein evner å omstille seg i ein hektisk arbeidskvardag. Det er ei viktig at du klarar å identifisere nødvendige gjeremål og får desse gjennomført åleine eller i lag med andre.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Utøve kunnskapsstyrt og målretta kriminalitetsførebyggjande og haldningsskapande arbeid innan prioriterte kriminalitetsområde
- Oppfølging av personar i faresona, herunder gjennomføring av bekymringssamtalar, rusoppfølging, alternative straffereaksjonar eller andre kriminalitetsførebyggjande metodar og tiltak
- Samarbeide tett med lokal etterretning, etterforsking, politikontakter, andre førebyggjande funksjonar, seksjon for vakt og beredskap og øvrige avdelingar vedrørande personar, miljø, trendar og kriminalitetsutvikling
- Gjennomføre kriminalitetsførebyggjande tiltak i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Foredrag- og informasjonsverksemd, internt og eksternt
- Informasjonsinnhenting knytt til definerte etterretningsbehov, gjennom menneskelege og tekniske verkemiddel
- PPS (politiarbeid på staden) og øvrige etterforskingsoppgåver relevant for funksjonen ved særskilt behov
- Bidra til å vidareutvikle driftseininga si tilnærming til det førebyggjande arbeidet, i tråd med etablert hovudstrategi for politiet
- Uniformert og tillitsskapande polititeneste
- Turnusteneste hovudsakleg dag, kveld og helg
- Øvrige oppgåver etter avtale
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
- Ha IP4-godkjenning, eventuelt må du kunne bli godkjent på nytt
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring/vidareutdanning/kurs innan kriminalitetsførebygging
- God kunnskap om og forståing for kunnskapsbasert og kriminalitetsførebyggjande arbeid og metodikkar
- Erfaring/vidareutdanning/kurs innan etterretning og/eller innhenting gjennom menneskelege eller tekniske kjelder
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Erfaring frå personorientert førebygging, herunder bekymringssamtalar, avklaringssamtalar og som politikontakt i høve ungdomsoppfølging og ungdomsstraff
- Gode kunnskapar om politiet sine datasystem
Personlege eigenskapar
- Du har høg motivasjon for kunnskapsbasert politiarbeid, etterretning og førebygging som hovudstrategi
- Gode samarbeidsevner både internt og eksternt
- Sosial kompetanse, evne til å skape gode relasjonar, spesielt med barn og unge
- Har evna til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
- Sjølvstendig og med høg gjennomføringsevne
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og meiningsfull arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse jf. kompetansekriteriene for politibetjenter, med årslønn:
- Politibetjent 3: frå kr. 590 000 - kr. 705 000
- Politibetjent 2: frå kr. 535 000 - kr. 610 000
- Politibetjent 1: frå kr. 510 000 - kr. 585 000
- Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Oddbjørn Myklebust
Politistasjonssjef
+4792080809
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36151d37-b87e-4859-b16e-0cb28a343ead
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274542
Lignende annonser
Arbeidsgiver
TEAM NORSO
Sted
Trondheim, Bergen, Bodø, Oslo, Rena, Stavanger, Tromsø, Arendal, Bardufoss, Brønnøysund, Norge, Drammen, Hammerfest, Kirkenes, Kirkenes, Norge, Molde, Norge, Steinkjer, Norge, Vardø, Norge, Ålesund
Arbeidsgiver
Norlandia Høgvoll
Sted
Ålesund
Ferievikar 2025 - Reinhaldar
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund