Vernepleiar/miljøterapeut
Herøy kommune, Kultur og oppvekst
Lisjebøvegen 14, 6091 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleier/miljøterapeut
- Oppstart
- 1. april 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 17. januar
Vi søker ein engasjert og fagleg dyktig vernepleiar/miljøterapeut til vårt team ved Bergsøy skule. Hos oss får du mogligheita til å bidra til eit inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring og tryggleik. Stillingane er faste fordi vi ser at vi treng utvida kompetanse og kontinuitet i tenestene kring elevane gjennom heile grunnskuleløpet. I stillingane vil de samarbeide med lærarar, assistentar, tverrfagleg støttesystem og føresette for å sikre heilskap i oppfølging og opplæring.
Stillingane vil følgje skuleåret for tilsette i grunnskule, og arbeidstida er på dagtid.
Arbeidsoppgåver
- rettleie og følgje opp elevar med særskilte behov i skule og SFO-tid
- gi opplæring, rettleie og støtte tilsette i miljøarbeid og sosialpedagogiske tiltak
- tverrfagleg samarbeid med PPT og andre instansar
Kvalifikasjonar
- vernepleiar er å føretrekke, men anna helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå er ønskeleg
- anna relevant utdanning og erfaring kan vurderast ved tilsetjing
- ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon)
- teikn til tale
- ADL (aktivitetar i dagleglivet for å auke sjølvstende)
- erfaring frå arbeid med særskild tilrettelegging for elevar med store og samansette tilretteleggingsbehov
Personlege eigenskapar
- meistrar å jobbe sjølvstendig men på same tid i team
- villig til vidareutvikle eigen kompetanse i høve ulike behov
- evne til å bygge gode relasjonar og skape tryggleik
- gode samarbeidsevner og fleksibilitet
Vi oppmodar menn og å søkje. Det vert gitt opplæring på eventuell manglande realkompetanse.
Vi legg vekt på personlege eigeskapar i tillegg til erfaring og kompetanse.
Vi tilbyr
- eit inkluderende og faglig sterkt arbeidsmiljø
- moglegheit for kompetanseutvikling
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- løn etter gjeldende tariffavtale
- IA-bedrift
- god forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Synnøve Kalleklev, Rektor, 92263566, synnove.kalleklev@heroy.kommune.noHilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422
Arbeidsstad
Lisjebøvegen 146091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5050451342
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 17.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Hestås
Avdelingsleiar grunnskule/PPT
+47 97542422
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d12669d0-ef90-4806-adee-212f04aa48ac
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
215763d8376649ac8a3d8a3f2b5b43ff
Lignende annonser
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Fosnavåg EMA
Sted
Fosnavåg
Volda Omsorgssenter, Selje/Hasletunet har 100 % fast st. for vernepleiar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå
Sted
Fosnavåg