Hopp til innhold

Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Heimetenestene

Sted

Vågå

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nært samarbeid med institusjon Vågåheimen, legetenesta, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.

Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar og helsefagarbeidar, eller har byrja på desse utdanningane.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt!
Stillingane har arbeid i turnus på dag, kveld og helg.

Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, samt langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve over, ynskjer vi likevel å høyre frå deg.


Vi har ledig føljande stillingar:

100% fast helsefagarbeidar

75% vikariat helsefagarbeidar - ledig ut 2027

80% fast sjukepleiar

100% vikariat sjukepleiar - ledig ut 2027


Vi ber om at du spesifiserer i søknaden kva for stilling du søkjer på.


Arbeidsoppgåver:
  • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar

  • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp

  • Samarbeid med institusjon Vågåheimen, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar

  • Ansvarsvakt for sjukepleiarar

Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar, eller har starta på desse utdanningane

  • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt

  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

  • God fagleg innsikt og tryggheit

  • Søkaren lyt ha førarkort klasse B.


Eigenskapane dine:
  • Fagleg engasjert

  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig

  • Kreativ og endringsorientert/-viljug

  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner

  • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet

  • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

  • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta

  • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer

  • Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling

  • Konkurransedyktig lønn

  • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Venlegast informer i søknaden om du kva for type stilling du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent). Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktperson for stillingen

Pia Søberg

Avdelingsleiar

46196741

pia.soberg@vaga.kommune.no

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel som med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.500 innbyggarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig å ha ei god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finnast mange gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløyper og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

359bd5dc-88db-4ba4-bdbf-5208594ccff0

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

359bd5dc-88db-4ba4-bdbf-5208594ccff0

Lignende annonser

Laster lignende annonser