Arbeide med topp moderne utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?
Osland Settefisk AS
Sørebøvegen 447, 5962 Bjordal
Om jobben
- Stillingstittel
- Teknikar settefiskanlegg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finn du ei topp moderne og logaleigd bedrift, Osland Settefisk.
Vi søkjer no ein teknikar i ei nyoppretta stilling.
Som teknikar er du med i gjengen (med fagbrev innan biologi, elektro, automatikk og anna teknisk bakgrunn) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spanande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen.
Arbeidsoppgåvene vil vere
-
Drift og oppfølgjing av RAS anlegg
-
Teknisk tilsyn
-
Journalføring og rapportering
-
Delta i utbyggingsprosjekt
-
Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr
Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggar/prosess) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling.
Osland Settefisk tilbyr
-
Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø
-
Moderne anlegg og utstyr
-
Utfordrande arbeidsoppgåver
-
Gode faglege utviklingsmoglegheiter
-
Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
-
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
-
Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering
-
Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad
Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø.
Om bedriften
Osland Settefisk er dotter-selskap i Osland AS.
Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
351e7713-bd9c-4cae-92d3-9a9361834eda
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
474753279