Driftsoperatør - Osland Settefisk, Sørebø
OSLAND SETTEFISK AS
5962 Bjordal
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsoperatør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 10. oktober
Driftsoperatør – Osland Settefisk, Sørebø
Likar du praktisk arbeid, teknikk og ein variert arbeidsdag?Vi søker driftsoperatør til settefiskanlegget vårt på Sørebø. Her jobbar du med ørret frå rogn til stor-smolt, i ein kvardag med fisk, teknologi, vedlikehald og praktiske oppgåver.
Du treng ikkje ha jobba med fisk før. Har du bakgrunn frå røyr, elektro, bygg eller anna praktisk arbeid, vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
· røkting og stell i klekkeri, startfôring og vekstavdelingar
· dagleg ettersyn av fisk og anlegg
· vaksinering av fisk
· vedlikehald og teknisk tilsyn
· vask av kar og produksjonsutstyr
· journalføring og rapportering
Her må både fisken, teknikken og anlegget fungere. Vi ser difor etter folk som ser kva som må gjerast og tek tak i det.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, tek ansvar og har lyst til å lære.
Du treng ikkje ha bakgrunn frå havbruk. Fagbrev eller erfaring frå akvakultur, røyr, elektro, bygg eller andre praktiske fag kan vere like relevant.
Det viktigaste er at du:ppn
- likar praktisk arbeid og å bruke hendene
- har teknisk og biologisk interesse og forståing
- ser kva som må gjerast og tek tak i det
- trivst med å jobbe saman med andre
- beherskar norsk munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
· 100 % fast stilling
· turnus 12/9
· ein variert og praktisk arbeidskvardag
· moderne anlegg
· opplæring og gode moglegheiter til å utvikle deg
· godt arbeidsmiljø og flinke folk rundt deg
· konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Velkommen til Team Osland
Hos Osland jobbar rundt 90 menneske med ulik bakgrunn og kompetanse. Nokre har høgare utdanning, andre er praktikarar med mange års erfaring. Det er kombinasjonen av folk, fag og erfaring som gjer oss gode.
Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.
Interessert?
Spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Kjetil Kalstad på 48055513.
Trykk Søk nå, så kommer søknaden til oss
Søknadsfrist: 10 okt
Søknadane blir vurderte fortløpande.
Kontaktpersoner for stillingen
Kjetil Kalstad
Produksjonsleder
+4748055513
Om bedriften
Osland Settefisk er dotter-selskap i Osland AS.
Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette.
Trygg og god arbeidsplass.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3c549b8d-0b2e-4807-908c-59a66ec7bcaa
- Sist endret
21. september 2026
- Hentet fra
recman
- Referanse
487803