Hopp til innhold

Sjukepleiar Knarvik sjukeheim

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar Knarvik sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Vi har ledig faste stillingar i ulike størrelsar i todelt turnus på dag og kveld, og med arbeid kvar tredje helg. Vi har og behov for sjukepleiar fast på natt. Vi har årsturnus med arbeidstidsordning planlagt over 52 veker. I samband med utviding av tal plassar ved institusjonen, er det behov for fleire tilsette med sjukepleiefagleg kompetanse. Du må være førebudd på å jobbe på tvers av avdelingane på Knarvik sjukeheim. 

 

 


Om Knarvik sjukeheim

Sjukeheimen ligg sentralt til i Knarvik. Vi har ein hyggelig og skjerma hage, og fine turområder tilrettelagt for rullestol i nærleiken. Sjukeheimen ligg fint til med flott utsikt over fjorden frå terrassar og dei fleste romma.

Fakta om sjukeheimen

Det er total 72 plassar på Knarvik sjukeheim. Desse er fordelt på avdelingane slik: 

  • Avdeling 1: 30 langtidsplassar
  • Avdeling 2: 19 kortidsplassar, 11 langtidsplassar for somatisk sjuke, totalt 29 sjukeheimsplassar
  • Avdeling 3: 12 kortidsplassar

For å sikre kontinuerlig faglig kompetanse har vi eit sjukepleiarteam, med 2 sjukepleiarar som betjener heile huset med sjukepleiefaglege prosedyrer, på kveld og helg. Å være med i sjukepleieteamet er frivillig. 


Arbeidsoppgåver

  • Utøve god og forsvarleg omsorg for pasientgruppa
  • Planlegge og utføre sjukepleiefaglege prosedyrer
  • Sikre god og tydeleg dokumentasjon i EPJ/Profil
  • Delta og lede tverrfaglege møter og bidra til eit god tverrfagleg samarbeid 
  • Medansvar for organisering og gjennomføring av legevisitt til faste tider men også akutt ved behov for det
  • Handtere bestilling av medisin
  • Bidra med fagleg veiledning av kollega eller studenter/elever
  • Organisere og fordele arbeidsoppgåver og kompetanse i avdelinga
  • Organisere møter med pårørande 

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg, og ha god framstillingsevne på norsk 
  • Grunnleggande og god IKT kompetanse
  • Utdanning frå utlandet må være godkjent av NOKUT

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Videreutdanning innen geriatri er ein fordel

Kven er du?

Er du ein sjukepleiar med solid fagleg kompetanse, som er trygg i faget  og ser etter utfordringar i kommunehelsetenesta? Er du ein som tar initiativ, og som ønsker å jobbe i eit aktivt fagmiljø? Då håpar vi at nettopp du søker jobb hos oss!

Vi er opptatt av at alle tilsette tilstreber eit godt samarbeidsklima, gjennom samarbeid, god kommunikasjon og tillit til kvarandre. Det er viktig for oss at du er bevisst på å være ein god rollemodell som sjukepleiar, og at du evner å gi trygghet gjennom god fagleg omsorg. Vil du yte det lille ekstra, samtidig som du er fleksibel og har evne til nytenking? - Då treng vi deg. 


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid innan dei fleste geriatriske emner
  • Godt arbeidsmiljø, kjekke erfarne kollega og trivelege lokaler
  • Årsturnus 
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av fire sjukeheimar og to ulike lokasjoner for omsorgsboliger. 

Knarvik sjukeheim inkludert avdelinga i Helsehuset, Lindås bu -og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger, Såta bu og servicesenter i Knarvik.

I tillegg har sjukeheimstenesta ansvar for Omsorgsbolig pluss ved Ostereidet og på Manger. 

I tillegg til sjukeheimsavdelingar og omsorgsboliger pluss, er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

351410da-3078-46ca-b314-5df1579cb6c8

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278170

Lignende annonser

Laster lignende annonser