Anestesisjukepleiar
Anestesi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Anestesisjukepleiar
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. desember
Per tida vil dette vere dagstillingar med arbeid måndag-fredag, fri i helger og på helligdagar. Ved delt stilling på annan seksjon vil turnus bli lagt opp deretter.
Anestesiseksjonen har sitt virke på:
Dagkirurgen Ålesund:
Er ein seksjon med 6 operasjonsstover og eigen overvåking. Fagområda er ortopedi, kirurgi, auge, øyre/nase/hals, gynekologi, kjevekirurgi og medisinske undersøkingar. Det er mykje barneanestesi på Dagkirurgen. Arbeidstida er på dagtid og seksjonen er stengt i helg og høgtid. Avdelinga er ein moderne, lys og trivelig arbeidsplass. Vi driv effektivt og har fokus på kvalitet.
Hovudoperasjon:
Vi har fagfelt innanfor uro, gastro, endokrin, kar/thorax, øyre/nase/hals, kjevekirurgi, ortopedi og gyn. Vi er ikkje seksjonerte. Vi deltar på Stans, Traume, MET og Barneteam samt gir anestesiservice på utposter som ECT, Gastro og MR. I tillegg har vi no starta planlegging av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund. Vi bemannar med 1,5 anestesisjukepleiar pr. operasjonsstove slik at vi kan drive effektivt og gi god kvalitet. Vi jobbar tredelt turnus med arbeid kvar 4. helg.
Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Anestesiseksjonen har ansvar for å gi anestesi til pasientar ved Sentraloperasjon og Dagkirurgisk avdeling Ålesund
- Anestesiseksjonen har eit godt arbeidsmiljø med stor aktivitet og arbeidar i tett samarbeid med ulike profesjonar
- Teamarbeid er ein viktig faktor saman med høg fagleg interesse og nytenkning
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe strukturert og ta initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving i samarbeid med leiinga
- Du bør vere sjølvstendig og samarbeidsvilleg
- Vi ønskjer at du skal gi ditt bidrag til vårt gode arbeidsmiljø
- Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fleksibel
- Du har godt humør
Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- God oppfølging av nytilsatte med fadderordning
Velkommen til Jugendbyen Ålesund!
Ålesund kan tilby urbant kafeliv, nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommer og vinter. Toppturar i Sunnmørsalpane, padling i havgapet, rikt kulturliv med konsertar og festivalar. Sjå meir her.
Kontaktinformasjon
Arild Solbakken Hevrøy, Seksjonsleiar, arild.solbakken.hevroy@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5049929025
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 23.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34bea498-0dac-4bf0-b7d9-93602232e43b
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
da6bb879553f4b8dbe0fa3cf0185c334
Lignende annonser
Arbeidsgiver
ANESTESILEGER OG SMERTEPOLIKLINIKK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
100 % vikariat som sykepleier ved Aksla og Ellingsøy heimeteneste
Arbeidsgiver
Hessa-Borgund heimetenestedistrikt
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
AMBULANSEFLY - FW, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund