Bioingeniør
AIT- drift, Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. juli
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Vi søker etter ein positiv, engasjert og dyktig medarbeidar til 100 % stilling i ett års vikariat som bioingeniør ved avdelinga med oppstart snarest. Stillinga vil vere knytta opp mot Seksjon for flowcytometri. Seksjon for flowcytometri har eit breitt tilbod av analysar for diagnostisering og monitorering av blod- og beinmargssjukdommar. Bioingeniørar ved seksjonen deltar i ei beredskapsordning, og det kan vere behov for analyserarbeid utanom ordinær arbeidstid på helgar og på høgtidsdagar.
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg analysearbeid ved seksjonen
- Bruk og vedlikehald av seksjonens instrument
- Bidra i opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Delta i vaktberedskap
- Delta på avdelingas blodprøvetakingsrunder
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som bioingeniør
- Det er ønskeleg med erfaring frå flowcytometriske analysar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Systematisk og ryddig
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og likar varierte arbeidsoppgåver
- Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen du er tilknytta, og avdelinga for øvrig
- Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Gode opplæringsprogram
- Faglege utfordringar og varierte oppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jannike Lundervik Sælen, Seksjonsleiar flowcytometri, 55974639, jannike.lundervik.selen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5139703240
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3487de7e-2872-4204-8b08-b61b34df9340
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
774eb6eaf5894788baaa599a468a81be