Hopp til innhold

Vaksenleiar, dans utan grenser (80%)

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Kultur

Sted

Skrivarvegen 7, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 2. april

Brenn du for dans og for ungdom? Då er dette draumestillinga for deg. Sogndal kommune har eit dansetilbod for barn og ungdom: Dans uten grenser. 

Dans utan grenser er organisert i form av danseverkstadar i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Danseverkstadane er styrt etter prinsippet om ung-til-ung formidling. Dei eldste og mest erfarne av dansarane – ungdomsleiarane – lærer opp dei yngre dansarane. 

Danseverkstadane i Sogndal søker no ein ny vaksenleiar som kan vere med og støtta ungdomsleiarane og aktiviteten i danseverkstadane.

Arbeidsoppgåver som ligg til vaksenleiarane er mellom anna:  

  • Følgje opp ungdomsleiarane og aktiviteten i danseverkstadane 

  • Bistå ungdommane med praktiske ting knytt til danseverkstadane sin aktivitet 

  • Bidra til at danseverkstadane får ei god utvikling 

  • Vere kommunen sin kontaktperson inn til danseverkstadane 

  • Relasjonsarbeid i lag med ungdommane 

  • Organisere samarbeid med Dans Utan Grenser AS 

  • Handtere innbetaling av brukarbetaling for danseverkstadane 

Stillinga er ein del av ungdomsavdelinga i Sogndal kommune. 

Som tilsett i ungdomsavdelinga blir du ein del av eit fagleg fellesskap der vi jobba for å skape trygge og inkluderande møteplassar der ungdom kan utfalde seg, utvikle seg, og bygge relasjonar med andre. 

I ungdomsavdelinga vil du få arbeide i lag med mellom anna ungdomsarbeidarar, utekontakt, ungdomslos, fritidskoordinator, ungdomskoordinator om å legge til rette for gode, trygge og inkluderande oppvekstvilkår for ungdom i kommunen vår. 

Kvalifikasjonar  

  • Er interessert i og har erfaring med kunst, kultur og kreativitet, spesielt dans 

  • Erfaring med ungdomsarbeid/miljøarbeid er ein fordel 

  • Utdanning innan t.d. sosialt arbeid, lærar/oppvekstfag eller barnevern er ein fordel, men ikkje eit krav 

  • Gode kommunikasjonsevner, og evne til å bygge gode relasjonar med ungdommar 

  • Fleksibel og kan tilpasse seg ulike situasjonar og behov 

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar    

  • Kreativ 

  • Sjølvstendig og initiativrik 

  • Fleksibel og løysingsorientert  

  • Evner å planleggje og styre din eigen arbeidsdag på ein produktiv måte 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt  

Me tilbyr  

  • Ein spennande og meiningsfull jobb med ungdommar 

  • Moglegheit til å vere med å forme ungdomsarbeidet i Sogndal kommune 

  • Ein triveleg arbeidsplass i kreative omgjevnader der du får vere med på å utvikle eit viktig tilbod for ungdom i Sogndal 

  • Løn etter avtale 

  • Sogndal kommune ønskjer eit mangfald i organisasjonen som speglar befolkninga i kommunen. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

    Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lov og avtaleverk. For stillingar i Sogndal kommune gjeld seks månaders prøvetid.

    Me gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkarliste sjølv om dei ber om å bli unnatekne. Dersom ønskje om unntak ikkje blir teke til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Håvard Ese Eliassen

    Tenesteleiar

    +47 90132006

    Havard.ese.eliassen@sogndal.kommune.no

    Om bedriften

    Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    342df586-fc3a-4f12-a76a-738b8a2fbf03

    Sist endret

    12. mars 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3605711_203897_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser