Kultursjef - 50% fast stilling
Kulturavdelinga, Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Kultursjef - 50% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Øystre Slidre kommune har eit allsidig kulturliv med godt engasjement frå mange frivillige lag. Kultursjefen har ei sterk rolle i å videreutvikle kulturtilbodet for å styrke lokal identitet og bidra til samfunnsutvikling gjennom kultur.
Kultursjefen vår går av med pensjon og vi søkjer derfor etter ny leiar for kulturavdelinga som består av kultur, bibliotek, frivilligsentral, kulturskule, folkehelse og ung kultur. Formålet med avdelinga er å bidra til levande lokalsamfunn ved å skape inkluderande møteplassar for folk i alle aldrar og målgrupper. Avdelinga skal støtte opp om det mangfaldige kultur og fritidstilbodet i samarbeid med frivillige lag, og arbeide for å ivareta og formidle kulturarv og kulturmiljø.
Vi søker ein kreativ sjølvstendig leiar som ser på kultur som nøkkel til samfunnsutvikling, trivsel, integrering og identitet, både lokalt og i Valdresregionen.
Arbeidsoppgåver
Som kultursjef er du ein pådrivar og bidragsytar i vidareutviklinga av kulturområdet, tenestene og kommunen som heilskap. Du har det overordna ansvaret for kulturområdet og rapporterer til kommunalsjef for opplæring og kultur. Kulturskulen er organisert med rektor som rapporterer til kultursjef.
Ansvarsområde og oppgåver:
- Overordna leiaransvar for kulturavdelinga, inkludert personalleiing, økonomistyring, budsjettarbeid og fagleg utvikling
- Sikre god samhandling med frivillige lag, organisasjonar og andre aktørar i kulturlivet
- Synleggjere kulturen si rolle som bidragsytar til stadsutvikling, folkehelse, inkludering, lokal næringsutvikling og identitet
- Overvake og forvalte kulturminne, lokale tradisjonar og kulturarv
- Bidra til god involvering i planarbeid og kommunens øvrige utviklingsprosessar
- Initiere og følgje opp søknads- og prosjektarbeid, inkludert å skaffe ekstern finansiering
- Representere kommunen i relevante nettverk og fora – internt, interkommunalt, mot fylke og stat, og i kulturfeltet
- Iverksetje og følgje opp politiske vedtak innan kulturområdet, og sikre kvalitet og koordinering i gjennomføringa
Oppgåvene løysast saman med tilsette i kulturavdelinga og i samarbeid med andre aktuelle tenester.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Leiarerfaring, gjerne med ansvar for både budsjett og personal
- Erfaring frå kulturfeltet – som utøvar, leiar, organisasjonsarbeid eller prosjektarbeid
- Brei kulturforståing
- God forståing for frivillig kulturliv og evne til å samarbeide breitt
- Evne til å sjå kulturens rolle i brei samfunns- og stadsutvikling, inkludert folkehelse, inkludering m.m.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
- Strukturert, initiativrik og trygg i å ta avgjerder og handtere komplekse prosessar
- Evne til å sjå kommunen som ein heilskapleg samfunnsutviklar, der kultur er ein viktig premiss
- Erfaring med digitalisering og utvikling av nye kulturelle uttrykk og arenaer er ein fordel
Personlege eigenskapar
Du er visjonær, nytenkjande og strategisk, med god kjennskap til kulturfeltet. Du har lyst til å utnytte dei moglegheitene som ligg i Øystre Slidre kommune – til glede for innbyggjarane, lokalsamfunnet og regionen vår. Ein sentral del av rolla er å skape engasjement og byggje nettverk ved å få fram det beste i medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
Vi ser etter deg som:
- Er entusiastisk og engasjert
- Har god struktur og evne til heilskapleg planlegging
- Utøver leiarskap på ein samlande og motiverande måte
- Er robust, handlingsretta og løysingsorientert
- Har evne til å handtere usikkerheit og endring
- Har høg integritet og evne til å opptre tydeleg i krevjande prioriteringar
Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt. Det er ønskjeleg at du utfyller kompetansen som allereie finst i kommunedirektøren si leiargruppe.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, med dyktige og engasjerte tilsette og rom for fagleg vekst og utvikling
- Hyggelege og positive kolleger som gledar seg til å få deg med på laget
- Du blir ein del av ei leiargruppe som støttar kvarandre
- Nødvendig opplæring og veiledning
- Fleksitidsordning og gode arbeidsvilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
- Nærleik til flotte naturområde, som Beitostølen og Jotunheimen, og gode moglegheiter for jakt og fiske i heile kommunen
- Rikt organisasjonsliv
Kontaktinformasjon
Kjersti Hedalen, Kommunalsjef, +47 91723553Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5022711683
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjersti Hedalen
Kommunalsjef
+47 91723553
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33e06372-0060-446f-a701-bd477c2f90b1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa78b5ba26d24af7b0e9485598d40051