Miljøassistent
OPK-AO - Adm. (Stab), Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøassistent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. februar
Arbeidsoppgåver
Støtte faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar.Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer.
Gjennomføre og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida, i tråd med elevane si trong.
Samarbeide med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggje og gjennomføre undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar.
Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav om formalkompetanse til denne stillinga Du må ha erfaring frå arbeid med ungdom med samansette vanskar, pleie- og omsorgsbehov, utviklingshemming og utfordrande åtferd.Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Eit krav i alle stillingane er at du har eit grunnleggjande positivt elevsyn. Du må vere utåtvend, samarbeidsvillig og kunne arbeide i team. Du må kunne arbeide sjølvstendig, i tråd med elevane sine individuelle opplæringsplanar. Du må vere fleksibel i møte med mange ulike oppgåver i løpet av ein dag, og endringar på kort varsel.Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna, og har relevant erfaring med elevgruppa frå vidaregående skule.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
Eit stort mangfald i elevgruppa, og eit aktivt skulemiljø.
Eit spennande, og godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Miljøassistent følgjer skuleruta og har eit arbeidsår på 39 veker, med 37,5 timar i veka. 38 veker følgjer skuleruta for elevane, og ei veke (5 dagar) er sett av til planlegging. Med tilsetting eit heilt skuleår utgjer dette 89%.
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter tariff i kommunal sektor
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5069474401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Petter Tønjum
avdelingsleiar
+47 97585981
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33847716-50f9-47fa-94f7-7d43dc848f92
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6ff9e33431774449a243a3d5b425da50
Lignende annonser
Lærar og miljørabeidar i tilrettelagte elevgrupper
Arbeidsgiver
Sotra vidaregåande skule
Sted
Skogsvåg
Arbeidsgiver
OPK-OV - Avd. Fellesfag/påbygg/HTHA, Vestland fylkeskommune
Sted
Os
Skoleassistent
Arbeidsgiver
Kolbeinsvik Montessoriskule
Sted
Kolbeinsvik