Hopp til innhold

Lærar og miljøarbeidar i grupper med tilrettelagt opplæring

Arbeidsgiver

Sotra vidaregåande skule

Sted

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærar og miljørabeidar i tilrettelagte elevgrupper
Oppstart
16. februar 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Tilkallingsvikar som lærar og miljøarbeidarar
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter tilkallingsvikarar til tilrettelagt avdeling i Skogsvåg. Vi ønskjer kontakt med lærarar og miljøarbeidarar som kan ta kortare eller lengre vikaroppdrag.


Arbeidsoppgåver

  • Undervise eller arbeide i tilrettelagte grupper.
  • Praktisk og teoretisk undervisning / oppfølging tilpassa elevane.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollega og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utviklinga i fagfeltet.
  • Legge til rette for at elevane får gode overgangar frå skule til arbeid.
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar for miljøarbeidar.
  • Yrkesfaglærarutdanning eller allmennfagleg lærarutdanning for lærarvikarar.
  • Ønskjeleg at lærarar har spesialpedagogisk utdanning, men ikkje eit krav.
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Gode evner i møte med elevar med særskilte behov og har eit ønskje om å arbeide med denne elevgruppa.
  • Vi søkjer etter personar med eit positivt syn på elevar, som er tydelege vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

    Andre opplysningar
    Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
    For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som  yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår. For meir informasjon ring gjerne avdelingsleiar Beate Fossen Nordborg T. 47 81 02 01
 

Kontaktinformasjon

Erik Henneli, Assiterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Finkelhølsvegen 10
5382 Skogsvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5071617052
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Startdato: 16.02.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5e5c6ecc-59ba-446b-a1c2-4bc85a37ede8

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

76e6034301764446bae05e86197d67d7

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Strusshamn skole, Askøy kommune

Sted

Strusshamn