Hopp til innhold

Spesialkonsulent - økonomi/løn/rekneskap

Arbeidsgiver

Flora Vidaregåande Skule

Sted

Professor Gjelsviksveg 22, 6906 Florø

Om jobben

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. Frå august 2026 har vi ledig stilling som økonomimedarbeidar.

Stillingstittel
Lønnskonsulent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Hva vi ser etter

Vi søkjer ein medarbeidar som er nøyaktig og fagleg interessert i arbeid med løn- og rekneskap, økonomistyring og personal. Du må vere vand med å jobbe innan fastsette fristar og vere medvete at arbeidet er viktig for en god flyt i lønsutbetalingar og fakturahandsaming. Du handterer kritisk informasjon og oppgåver og er lojal mot interne retningsliner og fellesprosessar i Vestland. Arbeidsoppgåver vert likefullt handtert i eit travelt miljø der ein og er del av samla lærar- og elevservice innan det administrative området. 

Arbeidsoppgaver

Stillinga inngår i den merkantile drifta av skulen. Arbeidsoppgåvene er innan løn, rekneskap, budsjett og økonomistyring, og tilknytte oppgåver innan tilsetting og permisjonar. Stillinga er sentral i skulen si administrative drift innan kontorstøtte og elev-/tilsette service. 

Til stillinga ligg det arbeid knytt til registrering og rapportering i ulike system, og eit særleg ansvar for registrering innan tilsetting/permisjon, inn-/utbetalingar, kontering og budsjettoppfølging. Stillinga inngår i som del av skulen sitt kontorstøttesystem med tre tilsette. 

 Vi ser etter in medarbeidar som kan vere ein drivkraft i økonomistyring og budsjettarbeid. Med detaljkunnskap innan løn, budsjett og rekneskap og tilhøyrande retningsliner er du ein sentral bidragsytar til leiargruppa sitt planlegging- og oppfølgingsarbeid innan den økonomiske drifta av skulen. Skulane i Vestland fylkeskommune nyttar felles system for den merkantile drifta og det er utvikla systemstøtte både teknisk og fagleg frå fylkeskommunen sentralt. 

Vi tilbyr

Vi søkjer etter ein medarbeidar med relevant utdanning og - arbeidserfaring frå arbeide med løn-/rekneskap, økonomistyring og personal. Du må har god framstillingsevne både skriftleg og munnleg. Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Søknadsfrist 07.04.26.

For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med rektor Knut Chr. Clausen på telefon 41 53 06 84

Om bedriften

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er om lag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3362bddf-19e4-47d9-a35b-41da494891df

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

3362bddf-19e4-47d9-a35b-41da494891df

Lignende annonser

Laster lignende annonser