Vernepleiar 100 % fast stilling i langvaktsturnus døgn
Sykkylven kommune
Helledalen 2, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar 100 % fast stilling i langvaktsturnus døgn
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Brenn du for arbeid med born og unge, då har vi ei spennande og utfordrande stilling for den rette personen, kom å bli med på laget vårt!
Bu- og Rehabiliteringstenestene ved Barne- og avlastningstenestene har ledig 100 % fast stilling i per tiden langvaktsturnus døgn (med atterhald om godkjenning frå fagforbunda sentralt), med arbeid kvar 4. helg. Stillinga er ledig frå 01.08.26, med det kan vere mogleg med oppstart tidlegare, då som ferievikar.
Bu- og rehabiliteringstenestene inkluderer tre avdelingar med tre bueiningar for vaksne personar med ulike funksjonsnedsetjingar, Avdeling for Barne- og avlastingstenester og Dagsenter. Eininga har omlag 66 årsverk og har bra fagkompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg direkte miljøterapeutisk arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
- Bistand til personleg hygiene og anna praktisk bistand og gjeremål
- Planlegging, oppfølging og utarbeiding av planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
- Planlegge, kartlegge, dokumentere og evaluere tenestetilbodet
- Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Primær- og eller sekundærkontaktarbeid
- Som vernepleiar har du særleg ansvar for den heilskaplege drifta
- Legemiddeladministrasjon
- Samarbeid med pårørande/verge
- Journalføring
- Eventuelt koordinatorfunksjon
- Arbeid med Kap 9 HOTL
- Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
- Ein kan måtte pårekne noko møtetid utanom turnus
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar, eventuelt anna relevant treårig høgskule eller universitetutdanning kan vere aktuelt
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøarbeid
- Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med nedsett funksjonsevne
- Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering av åtferd som kan utfordre
- Kunnskap om kap. 9 HOTL
- Personleg eignaheit vert vektlagd
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
- Du må vere løysingsorientert og ha god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du har ei særleg interesse og evne til å arbeide med born og unge
- Du greier å stå i utfordrande situasjonar over tid
- Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du held deg fagleg oppdatert og er fagleg engasjert
- Evne til etisk refleksjon og god arbeidsmoral
- Du er lojal og viser evne til fleksibilitet
Vi tilbyr
- Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Vanessa Lyshol, Avdelingsleiar, 94156291, vanessa.lyshol@sykkylven.kommune.noLisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5090007132
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Lisbeth Vinjevoll Schei
einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
91009625
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33558f0c-f4db-47fc-b99a-cbe32b906555
- Sist endret
3. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a842805a9a9a46539187c2da0ad924b2
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Arbeidsgiver
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Sted
Ørskog
Arbeidsgiver
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven