Hopp til innhold

Sentralbordoperatør ved Felles eining for operativ teneste

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Allehelgensgste 6, 5016 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Telefonoperatør/ førstekonsulent/ publikumsveileder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, seksjon for operative tenester, er det ledig fast  stilling som førstekonsulent - sentralbordoperatør.

Som ein del av politiet si førstelinje får du ei sentral rolle i handteringa av førespurnader frå publikum gjennom å svare på anrop til politiet sitt telefonnummer 02800. Du blir eit viktig bindeledd mellom innbyggjarane og alle tenestene og dei operative ressursane til politiet.

Vest politidistrikt  er eitt av landets største politidistrikt, med hovudsete i Bergen og ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Med rundt 1350 tilsette jobbar vi kvar dag for å skape tryggleik, førebyggje kriminalitet og levere operative tenester av høg kvalitet. Distriktet kombinerer eit breitt geografisk ansvar med eit sterkt fagmiljø, moderne beredskapskapasitetar og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert lag som jobbar tett på både lokalsamfunn, samarbeidspartnarar og nasjonale aktørar.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter ein trygg, serviceinnstilt og handlingsorientert medarbeidar som ønskjer å vere ein del av førstelinja i politiet. 

Du trivst i eit hektisk miljø der situasjonar raskt kan endre seg, du arbeider nøyaktig og tek gode avgjerder også under press. 

Du handterer innkommande samtaler frå publikum og gir gir råd og rettleiing . Du er serviceinnstilt  og trygg i møte med menneske  i ulike situasjonar.  Samtidig er du ein lagspelar som kommuniserer tydeleg med både publikum og interne fagmiljø, og som bidreg til godt samarbeid på tvers av einingar. 

Du er lærevillig, engasjert, har motivasjon til å rettleie andre, og representere politiet på ein profesjonell og tillitsvekkande måte.


Arbeidsoppgåver

  • Besvare, avklare og handtere telefonsamtalar til politiet si publikumstelefon 02800
  • Vurdere karakter og behov i førespurnaden, inkludert å prioritere i tråd med rutinar knytte til naudnummeret 112
  • Vere eit bindeledd mellom kontaktsenteret, operasjonssentralen og fagmottak for straffesakshenvendingar
  • Halde deg oppdatert på politiet si organisering, rutinar og samarbeidspartnarar
  • Bidra i opplæring og oppfølging av nytilsette, samt vidare oppfølging av dei i den daglege drifta
  • Gi råd, rettleiing og informasjon om tenestene til politiet
  • Formidle oppdrag og informasjon til operasjonssentralen og andre relevante einingar
  • Bidra til godt samarbeid med interne fagmiljø og eksterne samarbeidspartnarar
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev innan relevant område; til dømes innan administrasjon, offentleg forvaltning, kommunikasjon, servicefag, sosialfag eller anna utdanning som blir vurdert som relevant for arbeidsoppgåvene
  • God kunnskap om og interesse for bruk av IKT‑verktøy
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Beherske engelsk munnleg
  • Kunne sikkerheitsklarerast for minimum KONFIDENSIELT i tråd med tryggingslova
    Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet (uttømmande og utvida politiattest må innhentast ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41).  Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med::

  • Erfaring frå sentralbord, kundebehandling eller publikumsretta arbeid 
  • Erfaring med arbeid med mennesker i ulike livssituasjonar 
  • Språkkompetanse utover norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert og sjølvstendig
  • Evne til å takle stress og arbeide under press
  • Evne til å betjene publikum med ro og høflighet
  • Serviceinnstilt og ansvarsfull 
  • Positiv, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Like å arbeida i eit tett og travelt miljø

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform på politiet.no.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir løna som førstekonsulent  (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 485 000,- Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her

 


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Jørgen Ommedal

Avsnittsleder

+4792224647

Spørsmål om CV/ søknad

Seksjon for HR

207.HR@politiet.n

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

32594968-608c-4552-99ed-006575c60301

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10285089

Lignende annonser