Akademileiar for Skrivekunstakademiet
Skrivekunstakademiet
Georgernes verft 12, 5011 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Akademileiar
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Akademileiar for Skrivekunstakademiet
Skrivekunstakademiet (SKA) er ein høgskule som tilbyr undervisning i skapande skriving.
Vi ser no etter ein strukturert, motivert og initiativrik leiar som ønskjer å ta institusjonen framover og utvikle Skrivekunstakademiet vidare som ei av dei sentrale forfattarutdanningane i Norden. Du vil få moglegheit til å påverke retninga for akademiet og prege framtidige generasjonar av forfattarar.
Vi ønskjer ein trygg, relasjonssterk og diplomatisk leiar, med eit glødande engasjement for litteratur, og med forståing for både kunstnarlege, praktiske og økonomiske forhold. Du er orientert mot løysingar og vert motivert av å byggje ein kultur som varer.
I denne stillinga vert du ein aktiv og synleg aktør i litteraturmiljøet i Bergen og vestlandsregionen og representerer institusjonen internt og ovanfor eksterne aktørar.
I arbeidet vil du mellom anna ha ansvar for å:-
Planlegge, koordinere og evaluere studietilbodet i tråd med etablerte normer for kvalitetsutvikling i høgskulesektoren
-
Prioritere og styre ressursar slik at oppgåver vert gjennomført effektivt og på ein fagleg solid måte
-
Budsjettere og drive økonomisk styring
-
Leggje til rette for utvikling hos dei tilsette, å leie og inspirere medarbeidarane dine med ein trygg leiarstil
-
Førebu, ta initiativ til og gjennomføre prosjekt i tråd med eksisterande planar
-
Søke om og rapportere på bruken av midlar
-
Solid fagkompetanse frå litteraturfeltet
-
Utdanning frå universitet eller høgskule
-
Leiar- og adminstrasjonserfaring, gjerne òg med personalansvar
-
God innsikt i relevante delar av kunst- og kultursektoren og forståing for sektoren sine rammer og utfordringar
-
Solid forståing for forvaltning og retningsliner
-
God kjennskap til kulturpolitikk
-
Erfaring med endringsprosessar og organisasjonsutvikling
Akademileiar har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for drifta av Skrivekunstakademiet og rapporterer til styret. Du samarbeider tett med studiekonsulent og undervisningspersonell for å sikre heilskapleg drift.
Arbeidet omfattar utvikling av studietilbod, kvalitetsarbeid, oppfølging av planar og budsjett, årsmelding og rekneskap, utdanningspolitisk arbeid, kommunikasjon, strategi, samt personalansvar for dei tilsette. Det er òg ønskjeleg at akademileiar er ein del av fagmiljøet og sjølv har ein aktiv forfattarskap.
Skrivekunstakademiet tilbyr Årsstudium i skapande skriving, eit eittårig studium med tolv studentar som gjev 60 studiepoeng. SKA driv òg eit påbyggingskurs med 6 kursdeltakarar. I tillegg vert det arrangert fleire kortare kurs gjennom året, og vi gjennomfører òg ei rekke opne publikumsarrangement.
Som person ser vi for oss at du:-
Har eit glødande engasjement for litteratur
-
Har evne til strategisk og administrativt arbeid.
-
Har evne til å leie, inspirere og skape handfaste resultat saman med andre
-
Har eigen forfattarskap
-
Har høg integritet og god strategisk forståing
-
Er tilpassingsdyktig, og forstår betydninga av relasjonsbygging med relevante aktørar og institusjonar
-
Har kontaktskapande eigenskapar og evne til samarbeid
-
Har eit solid nettverk
-
Er tydeleg og trivst med å manøvrere i endringar og handtere komplekse situasjonar med struktur og ro
-
Har svært god kjennskap til litteratur, både samtids- og eldre litteratur
Vi vil òg legge vekt på dei personlege eigenskapane til kandidaten
Administrasjonsspråket til SKA er nynorsk. Arbeidsstad er i Bergen. Stillinga er eit åremål på 6 år og er på 80%. Løn etter avtale.
Skrivekunstakademiet ønskjer mangfald velkomen og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar, uansett bakgrunn, om å søkje.
Søkjarlista vil vere offentleg. Søkjar må grunngje eventuelle ønskje om unnatak.
Om bedriften
Skrivekunstakademiet er ei stifting som har til føremål å gje undervisning i skrivekunst og elles arbeide for å styrkje norsk skriftkultur.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
32069a16-7736-4e4a-ab62-5daa25725326
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
447080261