Hopp til innhold

Prosjektleiar

Arbeidsgiver

INV - Vegbygging bergensområdet, Vestland fylkeskommune

Sted

Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Bli med og bygg framtidas vegar i Vestland!

I avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sitt ansvar som vegeigar. Fylkesvegane bind fylket saman og skal vere trygge, effektive og miljøvennlege ferdselsårer for alle.

Visjonen vår er klar:
Eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og berekraftig vegsystem som fremjar regional utvikling og gode kvardagar for folk flest.


Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar hos oss vil du få ansvar for ei variert prosjektportefølgje – frå små tiltak til større samferdselsprosjekt i bergensområdet.

Du vil:

  • Følgje prosjekta frå planlegging til ferdig veg – og vidare til driftsfase
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og delta i kontraktsarbeid
  • Utvikle og avgrense prosjekt, lage styringsdokument og følgje opp framdrift, økonomi, HMS og kvalitet
  • Leie og motivere byggeleiarar, kontrollingeniørar og interne ressursar
  • Vere pådrivar for bruk av digitale verktøy og modellbasert prosjektering
  • Ha god dialog med entreprenørar, rådgjevarar og naboar i prosjektet

Kvifor velje oss?

Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du faktisk ser resultata av jobben din. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, korte avstandar og mykje humor. Der er gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi legg vekt på verdiane våre – kompetent, modig og open – og på visjonen om å vere nyskapande og berekraftig.

Du får gode moglegheiter for utvikling, fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for hjemmekontor, og solide pensjons- og forsikringsordningar.

Vi har gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.

Kven er du?

Vi ser etter ein strukturert og løysingsorientert prosjektleiar som trivst med ansvar og samarbeid. Du har gjennomføringskraft, er tydeleg i kommunikasjonen og motiverer folk rundt deg.

  • Minimum treårig relevant høgskuleutdanning (eller solid, relevant praksis)
  • Erfaring frå samferdselsprosjekt og gjerne kjennskap til Statens vegvesen sin prosesskode
  • Kompetanse i prosjektstyring og økonomi
  • Erfaring frå anleggsprosjekt og ulike entrepriseformer
  • Førarkort klasse B
  • Gode IKT-ferdigheiter og trygg i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

Kontakt

Ta gjerne kontakt med seksjonsleiar Beate Høgh, telefon 907 62 631, om du vil vite meir om stillinga.

Kontaktinformasjon

Beate Høgh, Seksjonsleiar, 907 62 631, beate.hogh@vlfk.no

Arbeidsstad

Vestre Strømkaien 13
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5044776621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

311681b0-2ae9-4d0d-b015-d6edccd2b985

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

132fd1479c4c43769baf1353ea9355fd

Lignende annonser

Laster lignende annonser