Fastlege - fast stilling og vikariat
Luster kommune Helse
Øyagata 4, 6868 Gaupne
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid og deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. mars
- Søkjer du eit tett fellesskap, både fagleg og sosialt?
- Er du engasjert, ynskjer å lære og er flink til å dele eigen kunnskap?
- Drøymer du om å bli fastlege i Luster?
Stillingsinformasjon
Luster legekontor søkjer etter fastlegar til fast stilling frå 01.09.2026 og vikariat med oppstart rundt 01.06.2026. Begge stillingane har listelengd tilsvarande totalt 80 – 100 % stilling (inkludert kommunale oppgåver i inntil 20 %). Kommunen har ein kombinasjon av tilsette legar på fastlønn og legar i næringsdrift med 8.2 avtale, begge med forsterka insitament. Individuelle tilpassingar og tidlegare/seinare oppstart kan vere aktuelt. Tenesta er godkjent som teljande i spesialisering (ALIS). Arbeidstid kl. 07.45 – 15.15.
Om Luster legekontorLuster legekontor er ein del av eininga Helse og held til i Helsesenteret i Gaupne. Legekontoret er samlokalisert med psykisk helse/rus, ergo/fysio og helsestasjon. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang.
Kontoret består per no av 11 fastlegeheimlar og LIS 1. Det er ein fin blanding av erfarne og yngre kollegaer der 6 er spesialistar i allmennmedisin og 5 er under spesialisering med ALIS-avtale. Stabil legegruppe med gjennomsnittleg fartstid på meir enn 8 år. Legane har morgonmøte 30 minuttar kvar dag, der vaktarbeidet og/eller interessante/problematiske kasus er tema. Kvar torsdag er det smågruppe-undervisning for legane (45 minuttar).
Legekontoret har gjennom mange år hatt fokus på fagutvikling og internundervisning. Me har eit godt, inkluderande og stabilt arbeids- og utdanningsmiljø med engasjerte kollegaer og «open dør»-prinsipp for rettleiing. Gjennomgåande gode tilbakemeldingar på utdanningsmiljøet frå ALIS, LIS 1 -legar og medisinstudentar.
Alle legar i spesialistutdanning (ALIS) får tildelt rettleiar. 4 timar kvar månad er sett opp med fast rettleiing, samt ad hoc-rettleiing v/behov (open-dør-prinsipp på heile Legekontoret). Inntil 4 veker utdanningspermisjon med lønn per år og betalt kursavgift (det som ikkje vert dekka av Fond 2).
Legekontoret er godt utstyrt, med eige rom for gynekologi, skadestove og ØNH. Godt utstyrt laboratorium med god kvalitet. 6 ultralydapparat, EKG/Spiro-/Tympanometri/Holter-EKG («ECG247»)/24timers BT. Bioingeniørar, helsesekretærar og sjukepleiarar med lang erfaring.
Legevakt
Legevakt med maksimalt 10-delt beredskapsvakt i kommunen med utrykking etter behov. Legar som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse vil få tildelt bakvakt. Det er heilt ny, godt utstyrt legevaktbil til disposisjon på vakt. Me nyttar oss av legevikarar til legevakt i ferieperiodar. Dette gjev gode moglegheiter for fleksibel ferieplanlegging og redusert vaktbelastning. Dag etter legevakt vil du som kommunalt tilsett ha avsett dagen til kontorarbeid, utan planlagt oppsette pasientar.
Sjukepleiar på felles interkommunal legevaktsentral har god lokalkunnskap, så det er liten belastning på natt (typisk vekking <15-20% av vaktene). Saumlaust samarbeid med ambulansepersonale som er stasjonert i same bygg som legevakta. Kommune-BEST samtrening for legar/ambulanse og intern akuttmedisinsk trening. Godt samarbeid med pleie- og omsorgstenesta. 2 KAD (ØHD) senger med dagleg visitt.
Kvalifikasjonar- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
- Det vert stilt krav om politiattest
- Personlege eigenskapar
- Verdsetjing av andre sin kompetanse og bidrag inn i eit fagleg fellesskap
- Fagleg engasjement
- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
30a099e5-d755-40d7-a7e6-12ace8d1b2c1
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3596985_220869_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Emploi
Sted
Nordland, Vestland
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Norane oppvekstsenter
Sted
Sogndal