Hopp til innhold

Rektor Brattholmen skule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kommunalsjef Oppvekst

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Brattholmen skule er ein barneskule med 350 elevar og om lag 60 tilsette. Skulen sin visjon er: «Saman skapar vi framtida» . Skulen har dei siste åra hatt eit hovudfokus på satsingsområde som lesing i alle fag, sosial kompetanse og praktisk og variert undervisning. Skulen har nynorsk som målform, men har undervisning på begge målformene. Brattholmen skule ligg sentralt på Litle-Sotra, nær Sartor senter, og om lag 20 minutt køyring til Bergen sentrum

Vil du leie ein inkluderande skule med ambisjonar om å skape god og solid læring for framtida?

Øygarden kommune tek mål av seg å ha ein innovativ, framtidsretta og ambisiøs skule. Vi ynskjer å skape retning inn i framtida gjennom å bruke verdiane våre aktivt. Leiarkompasset vårt har fire verdiar; På lag – Modig – Stolt – Med glød. Verdiane ynskjer vi skal gjennomsyre heile organisasjonen, og bidra til at vi skaper ein  sterk skulesektor i kommunen.

Som rektor hos oss får du eit heilskapleg ansvar for eigen skule saman med leiarteamet ditt. Det er to avdelingsleiarar knytt til skulen, og saman skal de skape retning, kvalitet og utvikling på eigen skule.

Arbeidsoppgåver:
  • Leie og utvikle pedagogisk arbeid for å sikre elevane sitt læringsutbytte både fagleg og sosialt     
  • Leie skulen i tråd med lovar og forskrifter og i samsvar med retningslinjer, politiske vedtak og planer og utviklingsområde i Øygarden kommune         
  • Fag-, personal og økonomiansvar
  • Arbeide for å utvikle modige og innovative medarbeidarar som set læringa og utviklinga til eleven i sentrum
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Bidra i rektorkollegiet for å skape samarbeid og retning i det heilskaplege arbeidet i øygardsskulen
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Godkjent lærarutdanning
  • Leiarerfaring frå grunnskulen
  • Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse er naudsynt for stillinga
Ønskjeleg med:
  • Vidareutdanning i leiing, rektorskule eller tilsvarande
  • Erfaring frå personalleiing, økonomistyring og organisasjonsutvikling
Personlege eigenskapar:
  • Kjenner seg igjen i kommunen sine verdier (modig, på lag, stolt, med glød)
  • Klarer å skape retning mot felles mål saman med leiarteamet sitt
  • Er ambisiøs på skulen, personalet og elevane sine vegne
  • Har evne til å tenke nytt og vere løysingsorientert
  • Har eit positivt elevsyn som lyttar og bruker elevane si stemme for å utvikle tiltak både på skule og individnivå, som kan bidra til tryggleik og oppleving av å høyre til.
  • Har gode samarbeidsevner som bidrar til gode løysingar på tvers av fagområde
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • 10 leiardagar (fri dagar) 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rune Golf

90970802

Rune.Golf@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2fe4a3a1-067d-411a-b3f4-e68712acae6b

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3616333_192259_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser