Hopp til innhold

Vil du være med og forme framtida i Suldal

Arbeidsgiver

Suldal kommune Overordna oppvekst

Sted

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 24. oktober

Vil du bygge framtidas klasserom? Suldal kommune søkjer lærar for fjernundervisningspilot 

Suldal kommune satsar på framtida. Me skal sikra kvalifisert undervisning av høg kvalitet for alle elevane våre, same kva for ein skule i kommunen dei går på. No opprettar me ei 1-årig prosjektstilling med moglegheit for forlenging. Me søkjer deg som brenn for både pedagogikk og teknologi. 

Om oss:  

Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet: 

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»  

 Som vår nye fjernundervisningslærar vil du få ein unik sjanse – og stor fridom – til å forme både korleis denne ordninga skal fungera i praksis, og din eigen arbeidskvardag. Stillinga er tett på skulane og du skal saman med einingsleiarane finne dei gode løysingane. Stillinga vil rapportera direkte til kommunalsjef for oppvekst. 

Du vil bli hovudmotoren i å etablere fjernundervisning mellom skulane våre. Det inneber at du får ansvaret for alt frå å byggje opp den tekniske riggen, til å setje den aller første prøveundervisninga ut i livet. 

Sentrale arbeidsoppgåver 

  • Drive fram etableringa av fjernundervisning i kommunen, både teknisk og praktisk. 
  • Utvikle, kjøpe inn og setje opp nødvendig utstyr og teknisk «rigg» ute på skulane. 
  • Planleggje og gjennomføre prøveundervisning i samarbeid med skulane. 
  • Lære opp og rettleie lærarar og anna skulepersonell i bruk av utstyret. 
  • Sørge for god kommunikasjon og administrasjon frå deg og ut til einingane. 

Kvalifikasjonar 

  • Du er utdanna lærar og har pedagogisk erfaring. 
  • Du har vidareutdanning innan IKT eller anna relevant teknisk kompetanse. 
  • Du har ei god teknisk og praktisk forståing, og evnar å sjå kva som fungerer i eit klasserom. 
  • Det er ein fordel om du disponerer bil og har førarkort klasse B. 

Personlege eigenskapar 

  • Du har eit brennande ønske om å jobbe med og utvikle framtidsretta tekniske og pedagogiske løysingar. 
  • For å lukkast i denne rolla må du trivast med å gå opp nye stiar. Du er sjølvstendig, initiativrik og har ei sterk gjennomføringsevne. 
  • Sidan du vil jobbe tett med både leiing og tilsette ved dei ulike skulane, er det viktig at du har gode samarbeidsevner og kan engasjere dei rundt deg. 

 Me tilbyr 

  • Ei nyskapande og spennande stilling. 
  • Svært stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.  

Kraftlaget – kva får du hos oss? 

Arbeidsmiljø 

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. 

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. 

Utviklingsmoglegheiter 

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. 

Bu i Suldal 

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. 

Hjå oss i Suldal kommune får du: 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Engasjerte og dyktige kollegaer 
  • Bedriftshelseteneste 
  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff 

Andre opplysningar: 

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju 
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar 
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa 
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Tore Bastlien Dahl

Rådgjevar oppvekst

+47 40418959

tore.bastlien.dahl@suldal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2fe1a424-3ed9-488d-ae60-55df9d1d11c6

Sist endret

2. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3667241_200259_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser