Hopp til innhold

Vil du vere ein del av hjarta i Suldal kommune

Arbeidsgiver

Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt

Sted

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent/spesialkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. november

Konsulent/spesialkonsulent 100 % fast stilling

Organisasjon og innbyggarkontakt (OI) søkjer ein engasjert og strukturert konsulent/spesialkonsulent i 100 % fast stilling. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å ha orden og oversikt, og ønskjer å bidra til at kommunen leverer gode tenester.

Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø,

«Det beste med jobben min er å jobbe saman med fantastiske kollegaer. Eg likar at jobben er variert, og at eg får lære nye ting og utvikle meg både fagleg og personleg. Det gjer jobben både interessant og meiningsfull.» Kollega i Organisasjon og innbyggarkontakt.

Kva skal du jobbe med?Arbeidsoppgåvene omfattar:
  • administrativ støtte til einingsleiarar innan blant anna helse og oppvekst
  • personalmeldingar og andre merkantile oppgåver
  • fakturering og oppfølging av refusjonar
  • personvern (personvernombod for Suldal kommune)
  • arbeid i ulike fagsystem, blant anna i sak og arkivsystemet vårt Elements
  • oppfølging av rutinar og administrative prosessar
  • postføring, journalføring og kvalitetssikring
  • andre administrative oppgåver ved behov
  • Arbeidsoppgåvene kan utvikle seg og bli endra i takt med kommunen sine behov.
Kven ser me etter?Me ser etter deg som:
  • har relevant høgare utdanning, gjerne innan administrasjon, økonomi eller offentleg forvaltning
  • har god digital forståing og lærer nye system raskt
  • kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg (minimum nivå B2)
  • er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt 
Det er ein fordel om du har kjennskap til:
  • offentlegheitslova og arkivregelverket
  • personvern og teieplikt
  • kommunal organisering og saksbehandling
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som
  • arbeider systematisk og har orden i arbeidet
  • tek ansvar og føl opp oppgåver på ein påliteleg måte
  • trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
  • er løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt
  • tek initiativ og handterer fleire oppgåver samstundes
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 
Kvifor velje oss?

I Organisasjon og innbyggarkontakt er trivsel, samarbeid og utvikling ein naturleg del av kvardagen. Me hjelper kvarandre, deler kunnskap og finn løysingar saman.

Hjå oss får du:
  • eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • fleksitidsordning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • arbeidsplass sentralt plassert i kommunehuset på Sand
Praktisk informasjon

Stilling: Konsulent/spesialkonsulent

Stillingstype: Fast

Stillingsstorleik: 100 %

Oppstart: 1.januar 2027

Vil du vite meir?

Høyr gjerne på podkasten Kraftlaget, der du møter medarbeidarar og leiarar i Suldal kommune og får eit innblikk i arbeidskvardagen vår. Første episode handlar om OI.

Send søknaden ved å gå inn på knappen "søk her".

Me gler oss til å høyre frå deg og ønskjer deg velkomen som søkjar i Suldal kommune.
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Bente Tednes Gjil

+47 41493230

bente.tednes.gjil@suldal.kommune.no

Om bedriften

Om Suldal kommune Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt. Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv. Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk. Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3749fd8f-33f2-4ba7-adee-dd35a48e081d

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3678639_203629_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser