Ledige faste stillingar som helsefagarbeidar
Post 2 Sør, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. mars
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til eit trygt og godt miljø for både pasientar og kollegaer? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Bømlo bu- og helsesenter har fleire ledige faste stillingar i 13,85–100 % stillingsbrøk ved Post 2 Sør. Avdelinga har 25 langtidsplassar og skal no auke avdelinga til 32 langtidsplassar. Me tilbyr årsturnus med arbeid kvar 3. helg, og oppstart etter avtale.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø. Avdelinga startar no i TØRN- nettverk, der du får høve til å vera med på å forme framtidas sjukeheimstilbod.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver.
- Dokumentere i henhold til lov og forskrift.
- Opplæring og veiledning av nye tilsette og lærlingar.
- I saman med avdelinga sitt øvrige personale vere med å utvikle eit godt arbeidsmiljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Sjukepleiar/vernepleiar, samt assistentar med snarleg fagbrev kan og søkje.
- Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt sjølvstendig, men trivs også godt i samarbeid med andre.
- Du er løysingsorientert, tek initiativ og viser ansvar i møte med både pasientar og utfordringar i kvardagen.
- Du kommuniserer klart og respektfullt, og møter menneske med eit inkluderande og positivt syn.
- Du er fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og nye situasjonar med tryggleik og profesjonalitet.
- Du bidreg aktivt til utvikling – både av deg sjølv, kollegaene dine og arbeidsmiljøet som heilskap.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysningar
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
- Ved intern omrokkering i verksemda kan det, i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk, bli aktuelt å tilsetje fleire i tilsvarande stillingar.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Chatrin P. Risøy.
Kontaktinformasjon
Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar, 474 52 732, chr@bomlo.kommune.noMonica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5092395378
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f6274ae-7b08-413f-91ff-6df83e553877
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
303a7a4c12844ec9b4f5f60912c9f8f5
Lignende annonser
Sommarjobb BBH
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Helsefagarbeider/assistent
Arbeidsgiver
Bømlo heimetenester, Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Mosterhamn