Hopp til innhold

Volda vgs søkjer lærarar og elevass. som tilkallingsvikarar i felles- og programfag skuleåret 26/27

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda vgs [volda]

Sted

Vevendelvegen 35, 6102 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Volda vgs søkjer lærarar og elevass. som tilkallingsvikarar i felles- og programfag skuleåret 26/27
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i dag

Volda vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar i fellesfaga (norsk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag, framandspråk og matematikk) og i programfaga knytt til dei ulike utdanningsprogramma til skulen.

Skulen har også behov for tilkallingsvikarar i høve til elevassistentoppgåver.

Omfanget vil kunne vere oppdrag på timebasis eller vikariat for ei tidsavgrensa periode skuleåret 2026/2027. 

Volda vidaregåande skule har om lag 440 elevar og 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale. Skulen har utdanningsprogramma Studiespesialisering, Påbygg, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. 

For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no.


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må vere engasjert og glad i å arbeide med ungdommar, og har utdanning og erfaring som er relevant i høve til eitt eller fleire av faga skulen tilbyr.  

Å ta oppdrag som tilkallingsvikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent eller er i ein situasjon der du har høve til korte eller lengre oppdrag.

Arbeidsoppgåver 
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervising i faga som du ev. vert tilsett i 
  • Ta del i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen 
  • Ta del i fag- og avdelingssamarbeid 
  • Delar av stillinga kan vere knytt til undervising av enkeltelevar/små grupper 

Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tek kontakt med deg dersom vi har oppdrag som er aktuelle for deg med di utdanning eller erfaring.

 

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring frå vidaregåande opplæring 
  • God digital kompetanse og forståing 
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
  • Kompetanse til å sikre læringsprogresjon for alle typar elevar gjennom tilpassa opplæring og variert vurderingspraksis
  • Ein tydeleg klasseleiar som er bevisst rolla si som motivator og inspirator for elevane
  • Formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga

Personlege eigenskapar

  • Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljø
  • God rollemodell
  • God på relasjonsbygging og klasseleiing
  • God fagleg formidlingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og nøyaktig i læringsarbeidet
  • Tilpassar opplæringa og ser elevane og deira moglegheiter
  • Utviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eiga undervisning
  • Samarbeidsorientert og likar å jobbe i team med kollegaer 

Vi tilbyr

  • Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
  • Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre 
  • Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg 
  • Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Trond Hjelseth, Rektor, 90707146

Arbeidsstad

Vevendelvegen 35
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5145247946
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Trond Hjelseth

Rektor

90707146

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.

Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.


Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Dette er Volda vgs!

Om skulen (volda.vgs.no)
Skulen har desse utdanningsprogramma:

  • Studiespesialisering
  • Medium og kommunikasjon
  • Musikk, dans og drama
  • Kunst, design og arkitektur
  • Påbygging til generell studiekompetanse
  • Tilrettelagt klasse

Volda vgs har omlag 440 elevar, 83 tilsette, derav 70 pedagogisk tilsette.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2f02430e-33c3-4f96-800e-717e74652ecf

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

862dba5960434474a30061edd31b6e3c

Lignende annonser

Laster lignende annonser