Hopp til innhold

Skipsførar på reservefartøy

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Fv269 5108, 5108 Hordvik

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar på reservefartøy i Vestland, tidligare Hordaland
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Fjord1 har ledig ei spanande og sjølvstendig stilling som skipsførar på reservefartøy i Vestland (tidlegare Hordaland), med base på Steinestø ferjekai, 25 minutter nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale. Det blir òg gitt fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Som skipsførar på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine lederegenskaper og erfaring.

Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og  ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land. 

Stillingen medfører seilas til/fra Fedje i nord til Langevåg i sør. Søkere med farledsbevis i området vil bli prioritert.

Søknader vurderes fortløpende, og stillingen kan bli besatt før søknadsfristen.


Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn og vedlikehald av reservefartøy
  • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
  • Drift av reservefartøy
  • Tenestegjere på andre samband i rutedrift ved behov
  • Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks skipsførar

Kvalifikasjonar

  • D1 sertifikat
  • Farledsbevis klasse 2
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Hurtiggåande MOB-båt sertifikat er ønskeleg
  • ROC/GMDSS sertifikat
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
  • Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
  • Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

Fv269 5108
5108 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5136533699
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

47887896

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2ecd3179-ff47-42fd-8cc3-9f18379e0a96

Sist endret

27. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

adf5071a84d1470c9c7b1b13410cf46f

Lignende annonser

Laster lignende annonser