Eining barn og familie - Prosjektstilling
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Eining barn og familie - Prosjektstilling
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. august
Om stillinga
I Eining barn og familie har vi ledig ei spennande stilling med ansvar for inntaksteamet i Eining barn og familie. Det er ei prosjektstilling i 50% stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.07.2027. Det kan bli aktuelt å forlengje stillinga.
Vi har samla sentrale tenester for barn, unge og deira familiar i Eining for barn og familie. Mellom anna Sveio helsestasjon, familierettleiarar, psykisk helse for barn og unge, ressursteam og koordinator barn og unge. Vi skal samarbeida til det beste for det einskilde barnet og familien og til saman utgjera eit godt lag. Felles kompetanseheving og fagleg utvikling er sentralt i eininga.
Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss.
Inntaksteam er eit samordningspunkt for barn, unge og foreldre som har behov for støtte, hjelp og rettleiing. Vi søkjer deg som er strukturert, relasjonsorientert og engasjert i tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid.
I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i å ta imot førespurnader, organisere inntak og bidra til at barn, unge og familiar får rett oppfølging. Du vil kartleggje behov og, i samarbeid med barn, unge og føresette, finne fram til eigna tiltak og vidare oppfølging.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna få ansvar for å:
- organisere og koordinere inntaksteamet i Eining barn og familie
- vere kontaktpunkt for barn, unge og foreldre som søkjer hjelp og rettleiing
- gjennomføre kartlegging og vurdere behov for tiltak
- samarbeide med barn, unge og føresette om å finne gode og tilpassa løysingar
- følgje opp journalsystem og sikre god dokumentasjon
- kalle inn til møte og koordinere vidare oppfølging
- bidra i BTI-arbeid og anna tverrfagleg samarbeid
- medverke til utvikling av gode rutinar og samhandling i tenesta
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har:
- relevant tre-åring høgare utdanning, til dømes bachelor i sosialfagleg, helse eller pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast
- erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
- erfaring med tverrfagleg samarbeid
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Politiattest må framvisast ved tilsetting
Det er ein fordel om du har:
- kompetanse og/eller vidareutdanning innan kartlegging, foreldrerettleiing og rettleiing
- kjennskap til samhandlingsmodellen BTI (Betre tverrfagleg innsats) og kunnskap om hjelpetiltak og tenester
- digital kompetanse og erfaring med journalsystem er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er trygg, tydeleg og god til å skape tillit
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- er god til å samarbeide og samhandle på tvers av fagområde
- har evne til å sjå heilskap og finne gode løysingar
- møter barn, unge og familiar med respekt og forståing
- har evne til å motivere for endring og sikre brukarmedverknad
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt
Vi tilbyr
- utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2dd8547f-4bd1-4dac-8a44-cea39f7cccab
- Sist endret
6. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10302756