Arealplanleggjar - fagansvarleg
Samfunn, Bykle
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Om jobben
- Stillingstittel
- Arealplanleggjar - fagansvarleg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest lørdag 14. februar
Vil du drive planlegging i spennet mellom bruk og vern, og med fokus på berekraftmåla i fjellkontekst?
Bykle kommune har både fjellbygd og fjellby, rike naturområde og kulturlandskap , og vi har mykje vasskraft. Kommunen er og ferie- og fritidsdestinasjon med reiseliv og hytter. Kommunen leverer gode tenester. Vi har varierte kultur- og fritidstilbod og idrettsanlegg for deg som vil vere fysisk aktiv. Vi arbeider med planlegging i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til varig vern av natur, ofte i samhandling med regionale styresmakter. Kart og digitale sjølvbeteningsløysingar vil vere stadig viktigare framover for samhandling med innbyggjarar, hyttefolk og næringsliv. Vi treng deg med god kunnskap om kart, digitale verktøy og og solid planfagleg kompetanse. Hjå oss vil du vere del av samfunnseininga på Bykle rådhus. Denne stillinga er for deg som både kan handverket med planarbeid, sakshandsaming, og kan ta oss vidare i arbeidet med å ta i bruk nye digitale løysingar. Du tek ansvar for fagleg kvalitet og utvikling, og å koordinere laget i samarbeid med leiinga i samfunnsavdelinga.
Arbeidsoppgaver
- Koordinering planfaglege oppgåver i samfunnsavdelinga
- Planarbeid i medhald av plan- og bygningslova - alle plannivå
- Utarbeide, sakshandsame, koordinere og kvalitetssikre planer og politiske saker innafor fagområdet
- Koordinere og medverke i ulike temaplaner og gjennomføre planprosessar med brei medverknad
- Prioritering av oppgåveløysing (kompetanse/kapasitet) og kvalitetsarbeid innafor avdelinga og relatert til fagområdet
- Delta i samordningsmøte med kommunalsjef og verksemdsleiar, og i politiske møte ved behov
- Føreslå høyringsuttalar og ta opp regionale og nasjonale saker av tyding for samfunnsutviklinga i Bykle
- Digitalisering og implementering av ny teknologi relatert til plan og brukarar av våre tenester
- Pådrivar for fagleg utvikling og tverrfagleg utviklingsarbeid
- Bistand i arbeid med planportalar og utvikling av sjølvbetenings- og innsynsløysingar relatert til kart, plan og byggjesak på heimesida
- Bistand i høve oppdatering av kartdatabase (FKB), sektorlovgjeving , særlovsforvalting og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
- Prosjektansvar og prosjektarbeid - og andre oppgåver kan og bli lagt til stillinga ( Det blir utarbeidd stillingsomtale.)
Kvalifikasjoner
- Master eller bachelor utdanning innanfor samfunns-/arealplanlegging, eller tilsvarande relevant kompetanse
- God kjennskap til bruk av GIS, kart og arealverktøy databaser og digitale løysingar o.s.b.
- Kompetanse og røynsle frå offentleg forvalting
- Formalkompetanse innafor plan og bygningsrett og relaterte særlover, og forvaltingsrett er ein sterk fordel
- Interesse for KI og nye digitale løysingar
Personlige egenskaper
- Fagleg trygg, sjølvstendig og med god rolleforståing mellom administrasjon og politikk
- Engasjert og lett for å arbeide i lag med andre
- Motivert, arbeidssam, ryddig og serviceinnstilt
- God til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
- Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
- Fleksibel arbeidstid - høve til noko heimekontor etter avtale
- Løn etter kvalifikasjonar, og etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Bykle kommune er ein distriktskommune og frå 2026 får ein etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i eit år avskriving på studielån på 25 000,- pr år
- Flyttegodgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Full dekning i barnehage og SFO
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Signe Sollien Haugå, Kommunalsjef, 48237300Arbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 5066051920
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Signe Sollien Haugå
Kommunalsjef
48237300
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2da0a179-1381-43b2-9415-aa4719dd6c87
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
463bf00498244058bdcc47be41b77560
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bykle kommune, Bykle
Sted
Bykle
Arbeidsgiver
Valle kommune
Sted
Valle
Arbeidsgiver
Business Management Partner As
Sted
Kristiansand S, Agder