Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (kardiologi)
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (kardiologi)
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin(kardiologi)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (kardiologi) i to (2) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Kardiologisk avdeling, Stavanger Universitetssykehus (SUS). Arbeidsstad er ved SUS.
Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til planlegging, tilrettelegging for og undervisning av UiB-studentar i indremedisinsk praksis ved Stavanger Universitetssjukehus samt generell fagutvikling og undervisning i kardiologi og indremedisin generelt ved UiB, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV, vitnemål og attestar
- Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga
(høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet - Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til utdanningsleder ved K2, professor Camilla Tøndel, camilla.tondel@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2d777a6e-7212-4533-a63c-9a5a44c97171
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270418
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen