Førsteamanuensis eller professor i helseøkonomi
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis eller professor i helseøkonomi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis eller professor i helseøkonomi
Universitetet i Bergen inviterer til å søkje på ei fast, full stilling som førsteamanuensis eller professor i helseøkonomi. Stillinga er knytt til Seksjon for etikk og helseøkonomi ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS). IGS huser Senter for framifrå forsking: Bergen Centre for Ethics and Priority Setting in Health (BCEPS) – eit leiande internasjonalt og tverrfagleg forskingsmiljø innan helseprioritering, økonomisk evaluering og rettferdsbasert prioritering.
Den nye førsteamanuensen eller professoren vil ha ei sentral rolle i å styrkje og vidareutvikle UiB si forsking og undervising i helseøkonomi, med særleg vekt på økonomiske evalueringar som grunnlag for kunnskapsbaserte prioriteringar mot universell helsedekning (UHC) i låg- og mellominntektsland (L/MICs).
Stillinga er finansiert gjennom ei øyremerkt Norad-løyving for fem år, og i prosjektperioden vil stillinga ha nokre prosjektrelaterte oppgåver. Dei første fem åra vil stillinga difor bidra til gjennomføringa av det komande Norad-finansierte prosjektet «Fair Choices on the Path to UHC – in times of change (2026–2030)», leia av BCEPS. Etter prosjektperioden vil stillinga vere ei ordinær, fast vitskapleg stilling, med høge forventningar om å søkje eksternfinansiering og initiere ny forsking.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar tilrelevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til :
- Rettleiing av ph.d.-, master- og postdoktorstipendiatar ved UiB innan relevante strategiske område.
- Undervising og utvikling av emne i helseøkonomiske emner på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, inkludert digitale modular som vert tilbydde globalt.
- Bidrag til den vitskaplege bruken av det globale verktøyet Fair Choices: DCP Analytics Tool (www.fairchoices.org) er forventa i prosjektperioden 2026–2030. Interkontinentale reiser er del av dette oppdraget.
I prosjektperioden vil arbeidet også inkludere opplæring, vidareutvikling og fremjing av bruk av FairChoices-verktøyet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid ogfaglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, i helseøkonomi med fokus på økonomiske evalueringar. Det vil òg bli sett på som ein fordel med:
- Erfaring frå arbeid i nasjonale politiske kontekstar i låg- og mellominntektsland (L/MIC)
- Kjennskap til utforming av helsetenestepakkar og deltaking i globale nettverk (WHO, Verdsbanken, Africa CDC m.fl.)
- Dokumentert erfaring frå politikkretta forsking og kapasitetsbygging
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid i L/MIC-land vil vere ein særleg fordel.
Den som får stillinga, må ha gode samarbeidsevner og sterke mellommenneskelege ferdigheiter og fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og detsame gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Det er eit krav for både førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast to år etter tilsetjing, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak engelsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Professor:
Løn er for tida kr 970 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 990 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
- Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Kjell Arne Johansson, Prosjektleiar for Fair Choices og nestleiar av BCEPS, epost: kjell.johansson@uib.no, mobil: +4797191828
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
303c662b-3045-42c9-9444-8d9815f7590e
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271021
Lignende annonser
Førsteamanuensis eller professor i global helse
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen