Universitetslektor II i nordisk fagdidaktikk
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Universitetslektor II i nordisk fagdidaktikk
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor II i nordisk fagdidaktikk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som universitetslektor II i nordisk fagdidaktikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing med mogelegheit til forlenging i to nye år. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette,og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Lektorutdanninga i nordisk (norsk) er også ein del av LLE. Instituttet er òg vertskap for to senter: Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk. Til instituttet ligg også arbeid med tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
For tida arbeider tolv tilsette innanfor nordisk språk og litteratur og tre innanfor nordisk fagdidaktikk. I tillegg er det sju stipendiatar innan nordisk ved instituttet.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning (forelesing og seminar), praksisbesøk, rettleiing og eksamensarbeid for studentar innanfor alle program som gjeld norsklærarutdanninga ved Universitetet i Bergen. Ein del av undervisninga kan måtte gjevast som nettundervisning.
- Undervisning både i det femårige lektorutdanningsprogrammet med master i nordisk, den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (eittårig PPU) og «Erfaringsbasert master i undervisninga med fordjuping i norsk» er aktuelt.
- Administrative oppgåver knytt til undervisning og delta i denkontinuerlegeutviklinga av faget høyrer også med.
Undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan sitt kompetanseområde ved andre institutt ved Det humanistiske fakultet etter behov.
Undervisningsspråket er norsk eller skandinavisk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande i nordisk fagdidaktikk, nordisk litteratur, nordisk språk, norsk som andrespråk eller tilsvarande er eit krav.
- Dokumentert kompetanse i nordisk fagdidaktikk og brei fagleg orienteringer ein føremon.
- Det er ein føremon med særleg kompetanse i tilknyting til ein av disiplinane innanfor nordisk, dvs. nordisk språk eller nordisk litteratur, inkludert norsk som andrespråk eller norrøn filologi, eller kompetanse i eit meir overgripande norskdidaktisk felt som til dømes skriving, tekstvitskap eller lesevitskap.
- Undervisningskompetanse som i skuleverket er eit krav, og undervisningspraksis frå skuleverket vil verta særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane.
- Erfaring med å utvikla læremiddel, erfaring frå digital undervisning og relevant erfaring med undervisning og rettleiing i nordisk litteratur og fagdidaktikk på universitets- og høgskulenivå vil verta vektlagt i vurderinga.
- Morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk og kunna dokumentera kompetanse i både bokmål og nynorsk.
- Ein vil ved tilsetjing leggja vekt på at søkjarane er skikka til å driva undervisningsarbeid.
Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir tillagt vekt.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Krav om nærvær på campus kan variera gjennom tilsetjingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Brutto årsløn på kr 625 500 – 665 500 i full stilling (kode 1009). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under«Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
- Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
- Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding på eiga undervisning.
- Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til fagkoordinator Ragnhild Lie Anderson på e-post: ragnhild.anderson@uib.no, tlf: 55 58 94 89 eller instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultetet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at me kan løysa oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Me oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkja. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Me inviterer alltid minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e53958e0-ab76-4f9f-8d82-ed1a48d9afd2
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270658
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen