Hopp til innhold

Assisterande styrar

Arbeidsgiver

Trollongane barnehage, Time kommune

Sted

Kjeldevegen 1, 4344 Bryne

Om jobben

Oppstart
20. august 2026
Stillingstittel
Assisterande styrar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Trollongane barnehage har ledig eit vikariat på 80% som assisterande styrar i perioden 20.08.26 - 31.07.207.

Me er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter og har omlag 24 årsverk som gir et godt pedagogisk tilbod til 95 barn. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.  

Time kommune har ambisjonar om å tilby barnehagar med høg kvalitet der barn opplever tryggleik, trivsel og utvikling. Me arbeider systematisk med kvalitet, inkludering og tidleg innsats i heile oppvekstløpet. 


Arbeidsoppgåver

Som assisterande styrar blir du ein del av leiarteamet i barnehagen og får ei sentral rolle i både drift og utvikling. Du vil ha medansvar for personal, økonomi og fagleg utvikling, og bidra til at barnehagen blir driven i tråd med lover, forskrifter og kommunale føringar. 

  • Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon med høg kvalitet 
  • Ha medansvar for personaloppfølging, inkludert rettleiing, medarbeidarutvikling og arbeidsmiljø 
  • Medverke til god ressursstyring 
  • Styrke arbeidet med inkluderande praksis og tidleg innsats 
  • Bidra til godt samarbeid med føresette og relevante samarbeidspartnarar 
  • Delta i utviklingsarbeid på tvers av oppvekstområdet i kommunen 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelæra
  • Det blir lagt vekt på relevant leiarerfaring/leiarutdanning
  • God forståing for barnehagen sin rolle i det heilskaplege oppvekstløpet 
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk 
  • God digital kompetanse 
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape oppslutning om felles utviklingslinjer. 
  • Barnehagen har et bredt tilbod og oppgåvene til assisterande styrar er varierte, og det krevst at ein er fleksibel, sjølvstendig, strukturert og målretta 
  • Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. 
  • Vera inspirator 

Me tilbyr

Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter som leiar av eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av eit spanande leiarnettverk. Som assisterande styrar får du ta del i prosjekt på eit tidleg tidspunkt og kan vera med å utvikla barnehagesektoren i Time. 

  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Støtte og rettleiing i leiarrolla
  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156

Arbeidsstad

Kjeldevegen 1
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5136588644
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 20.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 17.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Tor Inge Pettersen

Styrar

+47 40078156

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2d70d152-54b9-4956-8702-b0c48b5c5bee

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5660508febda46c28ceca35b5ba07f32

Lignende annonser

Laster lignende annonser