Hopp til innhold

Barne - og ungdomsarbeider

Arbeidsgiver

Ådalen barnehage, Time kommune

Sted

Theodor Dahls veg 68, 4355 Kvernaland

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeider
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 17. juli

Ådalen barnehage er ein kommunal barnehage på Kverneland med eit sterkt fagmiljø og høg trivsel. Me jobber ut frå visjonen: Alle barn skal ha lyst på livet og evne til å meistre det.
Me legg vekt på trygge relasjonar, leikens verdi og eit inkluderande fellesskap. Med varme og tilstadeverande vaksne og eit flott uteområde i dagleg bruk, skaper me ein aktiv og meiningsfull kvardag for både barn og tilsette.
Hos oss møter du eit engasjert personal som samarbeider tett, som byr på seg sjølv, og som er opptatt av å gjera kvarandre gode i eit godt og trygt arbeidsmiljø. 

Stillinga er i første omgang 40 %, med moglegheit for auka stillingsprosent etter behov.


Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med omsorg, leik og læring
  • Bidra til å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barna
  • Vere ein tydeleg og tilstadeverande vaksen i relasjon med barn og føresette
  • Samarbeide tett med kollegaer om utvikling av praksis og fagleg kvalitet
  • Delta i møter, refleksjon og kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning
  • Erfaring frå arbeid i barnehage eller med barn er ein fordel
  • Gode norskferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til rammeplanen og arbeid i barnehage er ønskjeleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Det vil bli vektlagt om du er personleg eigna.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Ree, Styrar, 90148166, elisabeth.ree@time.kommune.no

Arbeidsstad

Theodor Dahls veg 68
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5148122418
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Ree

Styrar

90148166

elisabeth.ree@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

10c2ea47-5587-4d4b-a056-d278aab5a6e3

Sist endret

26. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1e447237e39a4b0693f3843e78805686

Lignende annonser

Laster lignende annonser