Sjukepleiar fast nattstilling ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Reset 14, 6040 Vigra
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar fast nattstilling ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Vanlege sjukepleieoppgåver i avdelingane for demente ved Vigra omsorgssenter og ved Godøy bukollektiv.
- Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i geriatri/demensomsorg.
- Erfaring frå arbeid med demensomsorg.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Arbeidsstad
Reset 146040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5113240880
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Helen Gjerde
nestleiar
90249808
Heidi Renate Roaldsand
avdelingsleiar
90248034
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2d52e668-c3d4-463c-942a-0db5cc3e958b
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0c12ae41ee40459094a61aa1780ee484