Hopp til innhold

Helsesjukepleiar  

Arbeidsgiver

Barn, familie og helse, Giske kommune

Sted

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Om jobben

Stillingstittel
Helsesjukepleiar - fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest torsdag 9. juli

Det er ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 100% stilling frå august. Oppgi i søknaden om begge er aktuelle for deg eller ikkje. 

Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.

Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna.  

Det er krav om politiattest av ny dato.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består av førebyggande helsearbeid ved helsestasjonen, helsestasjon for ungdom (HFU) og i skulehelsetenesta.
  • Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og veiledere knytt til helsefremmande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar.
  • Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa.
  • Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod.
  • Tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som helsesjukepleiar med god kompetanse på barn og unge.
  • Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar.
  • Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner.
  • Ha god arbeidskapasitet.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP.

Kontaktinformasjon

Tone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar, 41701899
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderhaugstranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5150486324
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 09.07.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Gretha Giske

einingsleiar

+47 97028234

Tone Marie Giskegjerde

avdelingsleiar

41701899

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5b4f4c37-948e-4f4e-8152-a09130d0e93a

Sist endret

26. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f7ceb2f503e8492192add35e9562477d

Lignende annonser

Laster lignende annonser