Hopp til innhold

Konsulent/Fyrstekonsulent

Arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune

Sted

5300 Kleppestø

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

Askøy vidaregåande skule søkjer ein sjølvgåande, engasjert og strukturert konsulent til ei allsidig stilling innan administrasjon og økonomi. Stillinga er 100 % fast, og passar godt for deg som liker variasjon i arbeidskvardagen, og som trivst med å ha mange ballar i lufta samtidig.

Skulen vår er i sterk vekst og arbeidsoppgåvene ved merkantil avdeling er i endring.

Avdelinga har mellom anna ansvar for rekkneskap og budsjett, innkjøp, lønn, tilsetjingar, utleige, kantinedrift, eksamensavvikling og inntak av elevar. Det er difor store muligheiter for tilpasning og endring i arbeidsoppgåver over tid. Avdelinga er også ansvarleg for merkantile oppgåver som publikumsmottak, sentralbord og arkiv samt elev- og tilsettstøtte. Det er naturleg at alle på avdelinga bidreg på desse områda i varierande omfang.

Dersom ein ynskjer det er det også gode høve til deltaking i fellesprosjekt i Vestland fylkeskommune -- alt etter interesse, kapasitet og erfaring.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i Elements (arkiv- og saksbehandlingssystem)
  • Handsaming av fakturaer
  • Drift av ekspedisjonen og sentralbord
  • Vedlikehald av rutinar og regelverk
  • Handsaming av reiserekningar og refusjon av utlegg
  • Planlegging og avvikling av eksamen
  • Oppdatering og vedlikehald av nettsidene
  • Støtte til andre tilsette ved skulen
  • Andre oppgåver som høyrer til avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan administrasjon, økonomi eller liknande, eventuelt relevant erfaring som kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant kontorfagleg kompetanse og erfaring
  • Erfaring frå kundeservice
  • Erfaring frå arbeid med utforming og innføring av rutinar og arbeidsprosessar
  • Kjennskap til og interesse for skuleadministrative system, spesielt Visma in School
  • Kjennskap til og interesse for administrativt arbeid med tilsetjingar og lønsarbeid
  • Er strukturert, nøyaktig og har god arbeidskapasitet
  • Har god digital kompetanse og kan setje deg raskt inn i nye system
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein kollega som trives i ein uforutsigbar arbeidsdag saman med kjekke og fleksible kollegaer som ynskjer å bidra til å utvikla ein god skule og ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt.

Mykje av arbeidet handlar om å halde god orden og kontroll samt yte service, så me ynskjer oss ein kollega som kan jobbe strukturert og nøyaktig samstundes som ein gjev opplæring og støtte der det trengs.

Du må vera både sjølvstendig og trivast med å jobba tett saman med andre. Arbeidspresset varierar mellom dei tilsette på avdelinga og gjennom skuleåret, og me er heilt avhengige av å avlaste der det trengs når det toppar seg.

Vi tilbyr

Dersom du blir del av teamet vårt får du ein arbeidsdag med kjekke kollegaer som bryr seg om deg. Me har ein god og uformell tone oss i mellom, og latteren sit laust i den opne kontorløysinga vår.

Du får høve til å påvirke innhaldet i stillinga og vil få bryne deg på både vanlege, rutineoppgåver, samtidig som du vil bli utfordra på løysing av oppgåver du ikkje har vore borte i før. Du vil få dagar med roleg tempo og tid til fordjupning -- og dagar der du knapt rekk å få i deg lunsjen.

Me har god avspasseringsordning og gode høve for kompetanseutvikling både i arbeidsdagen og i form av kursing. Kontorlokala er heilt nye med gjennomtenkte løysingar for eit godt fysisk arbeidsmiljø.

Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverket for Vestland Fylkeskommune.
Me gjer merksam på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om ein har bedt om anonymitet. I så fall vil du verta varsla om dette.

Før tilsetjing i vidaregåande skule må ein kunne leggje fram politiattest.

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2d4d17ea-be22-4dd7-bbc2-671affadb5b3

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

476640949

Lignende annonser

Laster lignende annonser