Lærar Naturbruk
Vestland fylkeskommune
Fanavegen 249, 5244 Fana
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar Naturbruk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. oktober
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv,
påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til vedFanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med åutvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg.Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr.Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. Itillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Arbeidsoppgåver
Fast stilling som lærar med praktisk og teoretisk undervisning i programområde naturbruk, anleggsgartnar og landbruk. Undervisninga er særleg knytt til emne som drift av hage og parkanlegg, steinarbeid, maskin- og reiskapsbruk.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane.
Kvalifikasjonar
Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i
Fagbrev innan anleggsgartnarfaget eller andre relevante fag er eit ønske, men ikkje eit krav
Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg
Relevant yrkeserfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse
Søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
Personlege eigenskapar
Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald
Du har gode ferdigheiter innan relasjonsbygging
Du er engasjert og positiv og legg til rette for variert undervisning
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivtog positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattestVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjortsjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fråoffentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1f422c7b-69d4-4c46-90e9-ecb52edc7dac
- Sist endret
12. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
478244488