Helgestillingar
Bufellesskap Øystese
Leitesdalen 10, 5610 Øystese, 5610 Øystese
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestillingar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Vil du ha ei helgestilling med meining?
Me ynskjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.
- Arbeidstida er på helg. Du kan velja mellom 2. kvar eller 3. kvar helg. Turnusen er todelt der ein varierer mellom å jobba dagvakt og kveldsvakt.
- Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei meiningsfull deltidsstilling
- Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfag, kan ei slik stilling gje deg nyttige erfaringer med på vegen
Bufellesskap Øystese har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 4 ulike bufellesskap samt ambulerande uterute. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om jobben. Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskapa og heimetenester til menneske med utviklingshemming
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Vilje og interessa for å arbeida med målretta miljøarbeid
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i grupper
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
- Du må vera fylt 18 år
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
Du er/har:
- Lærevillig og engasjert
- Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
- Tålmodig og god på samarbeid
- Gode haldningar og er ein god lagspelar
Vi tilbyr
- Ein variert jobb i lag med erfarne og kjekke kollegaer
- Du får god opplæring
- Lærerik og nyttig arbeidspraksis
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Ester Aalvik Hauger, Leiar bufellesskap Øystese, +47 906 41 401Arbeidsstad
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5080103131
Stillingsprosent: 15, 22%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Ester Aalvik Hauger
Leiar bufellesskap Øystese
+47 906 41 401
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ce7d231-a1a1-4c32-bc7a-c149e4a0cde1
- Sist endret
12. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bb6af14c0fb847029bf39be990a0be03
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os