Kulturskulen i Vik har ledig stilling i gitarundervisning
Vik kommune Samfunn
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulepedagog til gitarundervisning i 20 % stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. mai
Kulturskulen i Vik kommune er ein liten skule med totalt 1,8 årsverk, men heile 92 elevplassar. Dette gir eit tett og inkluderande miljø med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag og utviklinga av tilbodet.
Vik kommune søkjer ein engasjert og fleksibel gitarlærar til ei 20 % fast stilling ved Kulturskulen frå 1. august.
Stillinga inneber undervisning både i grupper og for enkeltelevar. Me ser etter ein lærar som kan tilpasse undervisninga til ulike nivå og behov, og som trivst med å arbeide med barn og unge.
Me tilbyr- Ein arbeidskvardag med mening
- Moglegheit for å kombinere fysisk undervisning med nettbasert undervisning (aktuelt for de som bur langt unna)
- Eit godt fagmiljø i ein liten, men aktiv Kulturskule
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjå meir om kulturskulen sine aktivitetar her:
https://www.vik.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule-2/
- Relevant utdanning innan musikk/pedagogikk er ønskjeleg
- Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med undervisning, både individuelt og i grupper
- Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Vi oppmodar både nyutdanna og erfarne søkjarar til å søkje.
SøknadsprosedyreAlle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ce39c65-f564-4d72-b254-2d9716a0a407
- Sist endret
13. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3626851_247047_nn