Hopp til innhold

Vik kommune har ledig 10 % fast stilling som lærar i visuell kunst

Arbeidsgiver

Vik kommune Samfunn

Sted

Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Om jobben

Stillingstittel
Kulturskulelærar i visuell kunst
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Kulturskulen i Vik kommune er ein liten skule med totalt 1,8 årsverk, men heile 92 elevplassar. Dette gir eit tett og inkluderande miljø med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag og utviklinga av tilbodet.

Vik kommune søkjer ein engasjert og fleksibel lærar i visuell kunst til ei 10 % fast stilling ved Kulturskulen frå 1. august. 

Stillinga inneber undervisning i visuell kunst for barn og unge i grupper. Vi ser etter ein lærar som kan inspirere elevane gjennom ulike kunstuttrykk og teknikkar. Kulturskulen har eigne lokale for visuell kunst, med gode moglegheiter for praktisk og kreativ undervisning.

Me tilbyr
  • Ein arbeidskvardag med mening
  • Moglegheit for å påverke og utvikle kunsttilbodet ved Kulturskulen
  • Eit godt fagmiljø i ein liten, men aktiv Kulturskule
  • Eit inkluderande og kreativt arbeidsmiljø 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Sjå meir om kulturskulen sine aktivitetar her: 
https://www.vik.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule-2/

Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning innan kunst, design, pedagogikk eller liknande er ønskjeleg
  • Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med undervisning av barn og unge er ein fordel
  • Kompetanse innan ulike teknikkar og uttrykk, digitale kunstformer
  • Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Vi oppmodar både nyutdanna og erfarne søkjarar til å søkje.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Espen Skjerven Holen

Kommunalsjef

+47 90658600

espen.skjerven.holen@vik.kommune.no

Om bedriften

Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0e8321fa-b2f7-47db-b130-69eb38ce5408

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3627985_247047_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser