Hopp til innhold

Open søknad - sjukeheimstenesta

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Sjukeheimane i Alver kommune, 5914 Isdalstø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Open søknad - Sjukeheimstenesta 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ønskjer du å vere ringjevikar i Alver kommune?

Dersom du ynskjer å vera ringjevikar ved sjukeheimstenesta i Alver kommune har me lyst å høyra frå deg!

Som ringevikar kan me tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Me er spesielt interssert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag men andre kan også søkje. 

Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid.  

Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.

Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit me pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved - det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale!


Aktuelle avdelingar

Velferdssenteret, Manger

Manger omsorgsbustad pluss 

Ostereidet omsorgsbustad pluss

Nordgardstunet, Frekhaug

Lerketunet Frekhaug

Solkroken, Frekhaug

Lindås bu- og servicesenterKnarvik sjukeheim avdeling 1

Knarvik sjukeheim avdeling 2 

Knarvik sjukeheim avdeling 3

Helsehuset, Knarvik 

Såta bu- og servicesenter, Knarvik

Kjøkkentenesta

Kven er du?

Du trivst med å arbeide med menneskjer og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa. 


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Om bedriften

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 
 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c7da431-9273-43ff-8e9c-eed5b6b87acd

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10277277

Lignende annonser