Psykisk helse og rus
Øygarden kommune Psykisk helse og rus
Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast - Oppfølgingstenesta, Psykisk helse og rus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. juli
Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du kan bruke både fagkompetansen og relasjonskompetansen din til å skape betre kvardagar for menneske med psykiske helseutfordringar og rusutfordringar.
Du blir ein del av eit engasjert og kompetent tverrfagleg miljø med stor grad av sjølvstende, varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Arbeidskvardagen omfattar ambulant oppfølging, samtalar, koordinering og tett samarbeid med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
Om avdelinga
Oppfølgingstenesta er ein del av avdeling Psykisk helse og rus og er organisert i tre geografiske tenesteområde: sone Nord, sone Sør og sone Straume. Kvar avdeling har om lag 5–7 årsverk og består av engasjerte medarbeidarar med brei fagkompetanse.
Vi samarbeider tett på tvers av avdelingane og med utvida rusteam, dagsenter og Mo senter, Rask psykisk helsehjelp og fleire lågterskeltilbod som dekkjer heile kommunen. Dette gir eit sterkt fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid, fagleg utvikling og erfaringsdeling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider mot eit felles mål – å gi innbyggjarane heilskaplege og kvalitativt gode tenester.
Arbeidsoppgåver:
- Følgje opp brukarar og sikre gode tenester i tråd med lovverk, vedtak og faglege retningslinjer
- Gi råd, rettleiing og individuell oppfølging.
- Bidra til struktur, meistring og sosial deltaking i kvardagen.
- Koordinere tenestetilbod og delta i samarbeidsmøte og ansvarsgrupper.
- Utarbeide og følgje opp individuell plan (IP) og anna planarbeid.
- Samarbeide med pårørande, nettverk og aktuelle samarbeidspartnarar.
- Tilvise til behandling ved behov.
- Legemiddelhandtering, praktisk bistand og opplæring (PBO).
- Journalføring og dokumentasjon.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
- Førarkort klasse B.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team.
- Erfaring frå psykisk helse- og rusarbeid.
- Relevant vidareutdanning innan psyksik helse og rus.
- Erfaring med koordinering av tenester og tverrfagleg samarbeid.
Vi ser etter deg som møter menneske med respekt, varme og fagleg tryggleik. Du trivst i ein variert arbeidskvardag, tek intiativ og byggjer gode relasjonar. Samtidig arbeider du strukturert, er løysingsorientert og samarbeider godt med kollegaer og andre fagmiljø for å finne gode løysingar til beste for brukarane.
Personleg eignaheit blir tillagd stor vekt.
Anna:
- Tiltredning 1. august 2026.
- Fast 100% stilling.
- Arbeidet omfattar ambulant oppfølging, og førarkort klasse B er derfor nødvendig.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen kan bringast med til eventuelt intervju.
Kvifor velje oss?
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
- Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen.
- Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Ønskjer du ein jobb der du kan gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar og rusutfordringar? Då håpar vi du søkjer – vi ser fram til å høyre frå deg.
Kontakt:
Avdelingsleiar:
Alette Kleppestø
Telefon: 410 21 044
Einingsleiar:Therese Helgesen
Telefon: 915 29 795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2c51d5a8-bcf2-4c64-a000-2398308d36ab
- Sist endret
9. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3645851_192547_nn