Hopp til innhold

Svangerskapsvikariat 100 % sjukepleiar med moglegheit for fast tilsetting

Arbeidsgiver

Avdeling for heimebaserte tenester, Nissedal kommune

Sted

Sollivegen 2, 3855 Treungen

Om jobben

Stillingstittel
Svangerskapsvikariat 80-100 % sjukepleiar med moglegheit for fast tilsetting
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 22. april

I eining for velferd har me har ledig 80 -100% fødselsvikariat frå d.d til 15.08.2027 i heimetenesta. Det kan bli mogligheit for fast tilsetting.

Vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver og kolleger rundt deg, som bidreg til fagleg og personleg utvikling.

Heimetenesta i Nissedal kommune har stort fokus på tenesteutvikling og held på med mykje spennande som til dømes gode pasientforløp, livets siste dagar og tiltakspakke demens. Heimetenesta drifter frå 2026 også 1 kommunal akutt døgnplass ( KAD)

Heimetenesta leverer tenester til heimebuande og driftar korttidsavdelinga i kommunen. Me har per i dag 3 korttidsplassar til rehabillitering og avlastning.

Eininga har årsturnus, kor du er med å lage din eiga turnus utfrå dine behov. Du kan velge mellom ulike vaktlengder.

Me ynskjer å ha deg med på laget og håpar  DU  søkjar på stilinga.


Arbeidsoppgåver

  • Gi helse og omsorgstenester til heimebuande
  • Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta og syte for fagleg forsvarlege tenestar
  • Systematisk oppfylging av brukarar
  • Dokumentasjon og medikamentadministrasjon er sentrale oppgåver i stillinga

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ynskjeleg med erfaring/ vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • Førarkort kl. B. Må kunne køyre både manuellt og automatgir

Personleg egnahet vektleggjast

Personlege eigenskapar

Du er:
  • Positiv og samarbeidsvillig og behandlar brukarar, pårørande og kolleger med respekt
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenester og eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med varierte arbeidsoppgåver
  • Utøvar god sjukepleie med fagleg forsvarlegheit i fokus
  • God på rettleie og motivere andre
  • Stabil og har høg arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
  • Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdaning og intern kompetanseheving
  • Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Kontaktinformasjon

Solveig Nilsen, Avdelingsleiar for heimetenesta

Arbeidsstad

Sollivegen 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5108733755
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Solveig Nilsen

Avdelingsleiar for heimetenesta

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2b522054-8835-4d7b-8138-20eb6305d44b

Sist endret

7. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e2bf7f264c844f35807088e1e1c9123b

Lignende annonser

Laster lignende annonser