Økoråd Fjord AS søker statsautorisert/erfaren rekneskapsførar
Økoråd Fjord AS
Sjøgata 4, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Statsautorisert/erfaren rekneskapsførar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. august
Vi søker etter statsautorisert/erfaren reknskapsførar som kan bidra til vidare vekst og utvikling av selskapet.
Vi ser etter deg som ønskjer å sjå framover og bort frå den tradisjonelle bilagsføringa, og over til meir moderne rekneskapsrådgiving. Som rekneskapsførar spelar du ein viktig rolle som støtte og samarbeidspartnar for eit vidt spekter av kundar. Ved å vere tett på kundane og gje rettleiing, bidreg du og til vekst og utvikling i det lokale næringslivet.
Sjølv om tal er viktig, er økonomi mykje meir enn berre tal. Rekneskap- og økonomifaget er praktisk og krev at du løftar blikket, er nysgjerrig og tør å stille spørsmål
Arbeidsoppgåver:Rekneskapsføring A-Å
Oppdragsansvar
Økonomisk rådgjeving
Utarbeiding av årsoppgjer/skattemelding
Rapportering
Skape og bidra til gode kundeopplevingar
Kvalifikasjonar vi ønskjer er:Statsautorisert rekneskapsførar/erfaren rekneskapsførar
Relevant rekneskapserfaring, inkludert årsoppgjer
Kjennskap til landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav
Engasjement for faget, og stoltheit over å vere rekneskapsførar
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Sjølvstendig og løysingsorientert, men trivst òg godt med å jobbe i team
Økoråd Fjord AS tilbyr:Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Fleksibel arbeidstid med gode muligheiter til å styre eigen arbeidsdag
Uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
Gode muligheter for faglig utvikling og nettverksbygging
Om bedriften
Om Økoråd Fjord AS:
Vi er eit rekneskapskontor i ØkoRåd-kjeda med avdelingar på Nordfjordeid, Sandane, Valldal, Ulsteinvik, Hornindal og Stryn. Vi er totalt 30 tilsette (24 årsverk), av dei er 15 statsautoriserte rekneskaps-førarar, med ein god miks i alder og erfaring.
Målet vårt er å vere den føretrekte samarbeidspartnaren innanfor rekneskapsføring, økonomisk bistand og rådgjeving, og strategisk sparringpartnar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b45d8ff-e0a1-4d63-8022-ca865f5706f7
- Sist endret
22. juli 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
469988440