Hopp til innhold

Vil du undervise i kjemi og naturfag? Vi har ledig 100% vikariat.

Arbeidsgiver

OPK-AD - Årdal vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Farnesvegen, 6884 Øvre Årdal

Om jobben

Stillingstittel
Vil du undervise i kjemi og naturfag? Vi har ledig 100% vikariat.
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 17. april

Årdal vidaregåande skule har om lag 150 elevar og 40 tilsette, fordelt på 10 klassar. Vi tilbyr utdanningsprogram innan studiespesialiserande, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen ligg i Øvre Årdal, omgitt av flott natur med gode moglegheiter for friluftsliv.
Vi er opptekne av å skape eit trygt og inspirerande læringsmiljø for elevane våre, og eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Som lærar hjå oss får du høve til å vere del av eit engasjert kollegium som samarbeidar tett for å gje elevane dei beste føresetnadene for læring og utvikling.

 

Ved skulen har vi føljande stilling ledig frå 01.08.2026 - 31.07.2027:

Faglærar i kjemi og naturfag - 100% vikariat


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undervisning.
  • Vurderingsarbeid.
  • Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasselag.
  • Til stillinga må du som lærar vere førebudd på å vere kontaktlærar.
  • Stillinga vil vere retta mot undervisning på både studiespesialiserande og yrkesfagleg programområde.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • er engasjert og positiv - med ønskje om å formidle kunnskap og bdira til eit godt læringsmiljø.
  • har eit positivt elevsyn.
  • er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
  • er tilpassingsdyktig.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk lærar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning i:
  • Kjemi
  • Naturfag
Det er i tillegg ønskjeleg med kompetanse innan eitt eller begge av følgjande fag:
  • Matematikk
  • Fysikk

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Tett samarbeid på tvers av fagmiljø
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Geir Kjetil Øvstetun, rektor                        , 90694334, geir.kjetil.ovstetun@vlfk.no

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5104599617
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Geir Kjetil Øvstetun

rektor

90694334

geir.kjetil.ovstetun@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2af0ce2f-29ed-4a93-bf7a-14c6ef50a764

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

01cb03db1efb48298fb0858916a68102

Lignende annonser

Laster lignende annonser