Hopp til innhold

Overlege 

Arbeidsgiver

Divisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Overlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved vår Lokale sikkerheitsavdeling. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består i dag av fem seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, og Sikkerheitspoliklinikken. Frå medio april 2026 vil vi etablere ei sjette seksjon – Lokal Sikkerheit Rehabilitering – med åtte sengeplassar. 

Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar og stabilitet i behandlinga. 

Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape  eit nytt kapittel, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov. 
   

I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av sengepostane og meir samanhengande pasientforløp. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan lokal sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen. Vi har no ledig ei 100 % stilling som overlege ved Lokal sikkerheitsavdeling. Sengeposten tek imot pasientar med alvorlege psykiske lidingar og høg risiko for vald, ofte i kombinasjon med personlegdomsforstyrringar og rusproblematikk. Overlegen vil verte sentral i vidareutviklinga og ombygginga av det lokale sikkerheitstilbodet i Helse Bergen. 


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for pasientar ved Lokal sikkerheitsavdeling
  • Deltaking i inntaksteamet ved Lokalt sikkerheitsnivå 
  • Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering 
  • Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar 
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen 
  • Det kan bli aktuelt å påta seg behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i klinikken 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri 
  • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri/rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt 
  • Interesse for organisasjonsutvikling og erfaring med implementering
  • Interesse for rettspsykiatri 
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til å gjennomføre helhetlige sikkerheitspsykiatriske pasientforløp 
  • Inkluderande samarbeidsstil 
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet 
  • Trivst å arbeide i team og med ei krevande pasientgruppe 
  • Gode kommunikasjonsevner 

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter 
  • Gode høve for deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar 
  • Stort og godt fagmiljø 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frøydis Haugan, Klinikkdirektør, 908 25 279
Maria Sigurjonsdottir, Fungerande avdelingsoverlege, 476 21 929

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5037705036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2ab08bcf-8601-4f3c-983b-63a691a0d0fb

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f6a581908f474a0898b7d7dfc978ae23

Lignende annonser

Overlege psykosepoliklinikk/FACT

Arbeidsgiver

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF

Sted

Tertnes