Hopp til innhold

Fagansvarlig ingeniør

Arbeidsgiver

Patologi Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarlig ingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Stillinga inneber ansvar for å drifte og vidareutvikle cytologi og kjemikaliehandtering ved laboratoriet.

Vi leitar etter ein engasjert medarbeidar. Dette er ei dagstilling og arbeidsdagen vil vere variert.

Her vil du få moglegheita til å lære og bidra i ulike delar av laboratoriet si verksemd gjennom grundig opplæring. På avdelinga vår har vi teke i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling.

Faget patologi er i ei rivande utvikling. Du vil vere med på den spanande utfordringa det er å tilpasse og utvikle diagnostikk for meir personretta behandling. Grip denne moglegheita til å vere med på framtidas diagnostikk!
I tillegg er det viktig for laboratoriet å ha ein trygg arbeidsplass. Difor søkjer vi ein person som er spesielt interessert i og eigna for kjemikaliehandtering.

Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Dersom dette er av interesse, ber vi deg vennleg inkludere det i søknaden din.


Kva går jobben ut på?

  • Ha ansvar for drift og vidareutvikling av Cytologi, EBUS og kjemikaliehandtering.
  • Vere fagleg oppdatert i faget.
  • Ha ansvar for utprøving og validere/verifisere nye metodar eller instrument saman med ansvarleg lege og funksjonsleiar Patologi.
  • Delta i avgjerdsprosessar angåande innkjøp og implementering av metodar og medisinsk teknisk utstyr.
  • Ansvar for å utarbeide nødvendige opplæringsplaner, opplæring og undervisning innan fagområdet.
  • Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr.
  • Ha ansvar for laboratoriets stoffkartotek.
  • Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid.
  • Delta i laboratoriets kvalitets-og forbetringsarbeid.
  • Rullering av arbeidsprogrammer innan fleire fagområder.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon.
  • Kompetanse og erfaring frå klinisk medisinsk laboratorium, patolgi, cytologi og kvalitetssikringssystem er ein stor fordel.
  • Kompetanse innan kjemikaliehåndtering, risikovurdering og bruk av Stoffkartotek/EcoOnline er ein stor fordel.
  • God kunnskap i og forståing av generelle IT- verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å arbeide kvalitetsbevisst
  • trivst med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
  • har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
  • er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
  • tålar å stå i krevande situasjoner

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
  • Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling.
  • Hos oss er vi ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA- bedrift).
  • Her får du ein spennande og utfordrande jobb.
  • Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium.
  • Lønn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Håvard Valvatne, Funksjonsleiar

Arbeidsstad

Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5086872426
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Håvard Valvatne

Funksjonsleiar

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2a74a7cc-c1c3-4ae4-835f-55523e6dc4e3

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

be3a402e6c264eb3b263f68b358bfc5f

Lignende annonser