Gledesspreiar - sommaren 2026
Sula kommune
6030 Langevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Gledesspreiar - sommaren 2026
- Oppstart
- 22. juni 2026
- Type ansettelse
- Feriejobb, deltid 70%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Er du mellom 16 og 18 år og ser etter ein spennande sommarjobb? Er du ein person som er positiv, utadvendt og interessert i mennesker?
I Bukollektiva og på Sulatunet kan du no ha mulighet til få sommarjobb som gledesspreiar!
I bukollektiva våre bur det eldre personer som vi tenker vil ha stor glede av ditt selskap i sommar. Vi søker deg som er utadvendt, positiv, arbeidssom og som trivlst ilag med eldre. Som gledesspreiar skal du bidra til trivsel i avdelingane ved sosialt samver og med praktiske oppgåver.
Om du synes dette er noko for deg, ikkje nøl med å søk! Søknadsfrist 12. april. Skriv i søknaden kor mange veker og når du ønsker å jobbe. I tillegg ønsker vi at du skriv om du helst vil arbeide i Bukollektiva eller på Sulatunet.
Arbeidet vil vere på dagtid i vekene.
Ta sjansen og få ein meiningsfull og utviklande sommarjobb!
Arbeidsoppgåver
- Generell hjelp i avdelinga med orden og rutiner
- Hjelp ved måltid; tilbereding og rydding
- Hjelpe til med aktiviteter som t.d. gå tur, samtaler, sang og musikk, trim, spel osb.
Kvalifikasjonar
Må vere fylt 16 år og under 18 år.
Vi søker deg som trivast ilag med folk og som kanskje vurderer ei framtid innan helserelatert yrke.
Om du har erfaring eller påbegynt utdanning innan helse/omsorg kan det vere ein fordel.
Gode norskkunnskaper.
Personlege eigenskapar
- Du er utadvendt, positiv og har lett for å kome i kontakt med andre
- Du liker å arbeide og ver ein ressurs for andre
- Du er pliktoppfyllande og er til å stole på
- Kan ta initiativ til og følge opp aktiviteter
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein meininsgsfull sommarjobb der du kan utvikle deg og lære mykje
- Kjekke kollegaer som vil ta deg godt imot og som vil hjelpe deg når du treng det
- God opplæring
Kontaktinformasjon
Grethe Juul Molvær, Einingsleiar Sulatunet, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.noCecilie Ørjasæter, Einingsleiar Bukollektiva, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5078346406
Stillingsprosent: 70%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.
FacebookBukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.
Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.
Langtidsavdelinga har 28 plassar i bukollektiv, fordelt over to etager. Avdelinga gir bu- og behandlingstilbod til menneske, der kommunen sine øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp i eigen heim.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a13d2a6-be53-4403-8d4e-0dfd8096c77e
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
71370db39d9d4dbbb27ed1607d1e282c
Lignende annonser
Ferievikarar 2025 -Omsorgstenesta i Sula kommune
Arbeidsgiver
Sula kommune
Sted
Langevåg
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Arbeidsgiver
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Sted
Ørskog