Hopp til innhold

Brannkonstabel/sjåfør L-1.4 - fast 2,42% - Knarvik stasjon

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Stølen 7 (Drifts- og brannstasjonen), 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Brannkonstabel/sjåfør L-1.4 - fast 2,42% - Knarvik stasjon
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Om stillinga

Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som tankbilsjåfør knytt til Knarvik stasjon.

Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar.


Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
  • Operative oppgåver/utrykkingar
  • Plikter å delta på øvingar og kurs
  • Vedlikehald av bilar og operativt utstyr
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
  • Fyll inn eller innhent frå jobbanalyse

  • Kompetansekrav

    Krav til stillinga;
    • Fullført og bestått aspirantkurs
    • Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
    • Godkjent helsekontroll
    • Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding
    • Bustad maks 10 minutt frå stasjonen
    • Fysisk og psykisk skikka til stillinga
    • Førarkort klasse B og C
    • E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
    • Mestre norsk munnleg og skriftleg

      Kandidatar med lengre avstand til stasjonen kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar. Kandidatar som ikkje har E-160 kompetansebevis kan bli vurdert for stillinga. 

       

      Ønska kompetanse;

    • Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
    • Annan brannrelatert utdanning
    • Førarkort BE
    • Båtførar sertifikat

    Våre forventningar til deg

    • Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing
    • Du opptrer roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere
    • Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkande lagspelar

      Personlege eigenskap vert vektlagt.


    Me tilbyr

    • Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
    • Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
    • Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)

    Politiattest

    I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


    Kontaktperson for stillingen

    Martin Møller Greve

    Avdelingsleiar

    +4790079974

    martin.greve@alver.kommune.no

    Om bedriften

    Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

    Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

    Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

    Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

    Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    2a0ab140-22fd-44fd-bc1f-9117097c8b9b

    Sist endret

    10. april 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10290651

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser