Ph.d.-stipendiatstilling i systematikk og evolusjon hos lyng (Erica; Ericaceae) frå Madagaskar
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ph.d.-stipendiatstilling i systematikk og evolusjon hos lyng (Erica; Ericaceae) frå Madagaskar
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass
Video: https://youtu.be/i4SDcLir6OcOm stillinga
Ved Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen (Universitetet i Bergen) er det ledig ei stilling som doktorgradsstudent innan biosystematikk hjå blomsterplantar. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, inkludert 25% (eit år) av anna karrierefremmande arbeid i botaniske samlingar (t.d. undervisingsoppgåver, samlingsforvalting og formidling). Kandidaten skal arbeide med eit forskingsprosjekt om mangfaldet, systematikken, fylogenien og bevaringsverdien til madagassiske Erica (Ericaceae) som del av teamet for bevaring av trua artar: threatened-species-conservation.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Bakgrunn:
Erica (Ericaceae) er ei stor slekt av blomsterplantar med størst artsmangfald i Sør-Afrika og på Madagaskar. På Madagaskar er det foreløpig 35 kjende artar som er vanlege i fjellfloraen. Lynghei er ein nøkkelkomponent i den opphavlege vegetasjonen på sentrale Madagaskar der Erica-arter spelar ein viktig rolle i den eldpåverka økologien. Mange av artane er likevel dårleg definerte taksonomisk. Slekta vart seinast revidert i 1927 og omfattar vanlege og utbreidde artskompleks som er dårleg kjente og ofte vanskelege å tolka. For å kunne måle i kva grad artane er trua og kunne innlemme data i breiare regionale analysar trengs ein moderne tolking av artsgrensa og effektive verktøy for å identifisera artar. Forståing av mangfaldet av Erica vil direkte bidra til arealplanlegging og landforvaltning i samarbeid med Kew Madagascar, Madagaskars miljødepartement og Madagaskars nasjonalparkar, og til Botanisk Gardens Conservation Internation (BGCI) Global Conservation Consortium for Erica som er koordinert ved UiB.
Mål:
Kandidaten skal bruka integrerte morfologiske og molekylære taksonomiske metodar for å studere ulike aspekt av mangfaldet til madagassiske Erica-artar, med særleg fokus på det truleg kritisk trua Erica goudotiana-artskomplekset. Arbeidet vil omfatta ein kombinasjon av herbariestudium, feltarbeid, inkludert innsamling og trusselvurderingar, laboratoriearbeid, inkludert DNA-prosessering for high-throughput sekvensering, bioinformatikk, inkludert fylogenetisk analyse og koalasensbasert artinnleining, og syntese i form av ein formell revisjon.
Rettleiarar: Professor Michael D. Pirie (Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen), Førsteamanuensis Jan Hackel (DEEP, Universitetet i Stockholm), og Dr. Bat Vorontsova (Royal Botanic Gardens, Kew).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi leitar etter ein entusiastisk og motivert kandidat, helst med erfaring innan systematikken til blomsterplanter og den madagassiske floraen. Søkjaren må kunne arbeide i team, ha evne til å utvikla nye ferdigheiter på ein sjølvstendig, strukturert og målretta måte, og ha gode sosiale og kommunikasjonsferdigheiter
Kvalifikasjonskrav:- Søkjarar må ha oppnådd ei mastergrad eller tilsvarande utdanning i botanikk, evolusjonær biologi eller biosystematikk, eller ha levert masteroppgåva si for vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
- Erfaring med molekylært laboratoriearbeid og fylogenetiske analysar
- Tilgjengelegheit for å utføra feltarbeid og reise til utlandet for å studere botaniske samlingar ved andre institusjonar
- Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
- Erfaring med plantetaksonomi og systematikk
- Erfaring med å samla og identifisera planter
- Erfaring med å skriva vitskapelege artiklar og presentere postere og holde foredrag på internasjonale vitskapelege møter
- Erfaring med feltarbeid
- Erfaring med high throughput sekvensering
- Erfaring med bioinformatikk for biosystematikk
- Erfaring med vitskapskommunikasjon og formidling
For stillinga gjeldt følgande:
Om Ph.d.-stillinga:
Ph.d.-kandidaten skal ha ansvar for utviklinga av forskingsprosjektet, inkludert feltarbeid, taksonomiske identifikasjonar, fylogenetisk analyse, avgrensing av artar og andre analysar, så vel som skriving.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til Ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til Ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på NOK 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordninger
Søknaden skal innehalda:
- Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
- Relevante attestar
- Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. Opptak til ph.d.-programmet | Fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Michael Pirie, Universitetsmuseet, Avdeling for naturhistorie, michael.pirie@uib.no , +47 45862644, eller instituttleder Jenny Smedmark, Universitetsmuseet, Avdeling for naturhistorie, jenny.smedmark@uib.no , +47 40726194.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Life as a PhD candidate at UiB
Marion Claireaux tells about life and work as a PhD candidate at UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=nrtp6VxMeJ4&index=2&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6GKontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2961a3c8-1892-4541-aba0-58b82ddab6c0
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269986
Lignende annonser
Stipendiat
Arbeidsgiver
University of Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Postdoktor ved Sosiologisk institutt - knyttet til prosjektet SALELITE
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen