Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid
Universitetet i Bergen
Øysteins gate 3, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid
Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i hanseatisk historie frå mellomalder og tidleg moderne tid ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 1. april 2026 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Om ph.d.-prosjektet og arbeidsoppgåver:
Doktorgradsstipendet er knytt til forskingsprosjektet "Kvinner blant hansaen i Bergen", som har som mål å oppnå ei meir heilskapleg og nyansert forståing av kvinners roller i relasjon til det hanseatiske samfunnet på Bryggen i Bergen. Prosjektet utfordrar oppfatninga om at dette miljøet var eit reint mannssamfunn, og vil undersøke korleis kvinner spelte ulike roller i livet og handelen til dei hanseatiske kjøpmennene. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Det hanseatiske museum, og stipendiaten vil få høve til å ha arbeidsstad begge stader.
Stipendet er knytt til prosjektets arbeidspakke om ekteskapsmønster blant hanseatiske kjøpmenn i Bergen i perioden frå mellomalderen og fram til den gradvise oppløysinga av Det hanseatiske kontoret mot slutten av 1600-talet. I byrjinga av denne perioden var det ikkje tillate for kjøpmennene å gifte seg, men mot slutten av perioden er det grunn til å tru at vilkåra vart meir gunstige for å inngå ekteskap i Bergen. Det er tenkt at stipendiaten vil undersøkje dei samfunnsmessige implikasjonane av endringa i ekteskapsmønsteret, slik det er skildra i arbeidspakken.
Det forventast at doktorgradsstipendiaten formulerer og gjennomfører eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor dette temaet, med bruk av eit breitt spekter av kjelder. Som eksempel kan nemnast kyrkjebøker, rettskjelder produsert av det hanseatiske kontoret i Bergen, eller nabobøkene (Nabersbücher) frå Bryggen.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er tre år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet.
Som stipendiat blir du tatt opp i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i historie eller rettshistorie. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
- Evne til å arbeide med kjeldemateriale på mellomnedertysk og/eller mellomnorsk. Kunnskap i moderne tysk og norsk vil vere ein fordel.
- Erfaring med å tyde historiske handskrivne kjelder.
- Erfaring frå samarbeidsprosjekt på tvers av sektorar.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Brutto årslønn på kroner 568 700 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til ph.d.-programmet sin opplæringsdel.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastast dei opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Teemu Ryymin, e-post: Teemu.Ryymin@uib.no, tel.: +47 55 58 38 79, eller prosjektleiar, professor Kirsi Salonen, e-post: kirsi.salonen@uib.no, tel: +47 55 58 23 12.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
08397efc-302f-43be-8dc8-b998a45b5290
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269576
Lignende annonser
Stipendiat (2x100 %) 3 år
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Postdoktor ved Sosiologisk institutt - knyttet til prosjektet SALELITE
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Postdoktor i religionsvitskap (antikkens rabbinske jødedom)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen